Panoramautsikt på Vikaneset

Frå den nye heimen i Røsslyngvegen på Vikaneset i Skjold har familien Lene Gregersen, Daniel Langelandsvik, Anders (16) og vesle Vegard (vel 3 månader) panoramautsikt og kort veg til alt.

Familien Langelandsvik Gregersen har panoramautsikt frå takterrassen på Vikaneset. - Klikk for stort bileteDaniel Langelandsvik, som har vesle Vegard på armen, Lene Gregersen og Anders Løhaugen er nøgd med utsikten frå takterrassen på Vikaneset. Astrid E. Hjelmeland

Det er eit par månadar sidan dei flytta inn. Vesle Vegard, som vart fødd like før innflytting, ligg roleg og lagar godlydar på koseteppet i den romslege og luftige stova. Førre helg var det dåp i heimen, og i det nye huset var det lett å halda god avstand for gjestene.

Her er det godt med lys som strøymer inn gjennom store vindauge, og utsikten mot fjorden, Skjoldavik og Isvik er upåklageleg. Det høgreiste funkishuset i Røsslyngvegen på Vikaneset ligg i bratt terreng med ei utsikt mange kan ønska seg.

– Det vil ikkje bli så mange hus som skuggar for utsikten her, seier dei.

Nyleg flytta inn

Familien, som nyleg flytta inn parallelt med at vesle Vegard kom til verda, er i ferd med å finna seg til rette.

– Vegard blei fødd 18. april og 7. mai var me inne. Så det blei mykje flytting, montering av kjøkken og parkett som blei gjort i pappapermisjonen, fortel Daniel.

– Det er framleis mykje som skal gjerast to månadar etter innflytting, smiler dei.

Men det viktigaste kom på plass slik at dei fekk flytta inn.

– Me skal nok finna fram julepynten i god tid til jul, ler Lene.

Ho rosar Daniel som sto på for å ferdigstille alt til innflytting.

Daniel er vaksen opp i Skjold. Etter allmennfag på Vardafjell, starta han på elektroingeniørutdanning i Stavanger, før han valde fast jobb i Fatland på teknisk.

– Eg hadde vore på Fatland og jobba og fått smaken på å tena pengar, smiler han.

I staden vart det fagbrev i IKT-service. Sidan 2018 har han jobba i vaktordning på Bremnes Seashore på Trovåg. Men interessa for elektronikken har han med seg. Noko som kjem godt med når ein skal etablera seg i ny heim.

Smarte løysingar

– Han er ein smart mann, smiler Lene.

Daniel har mellom anna stått for montering av smarte elektriske løysingar for lysstyring, solskjerming og varme.

Lene er vaksen opp i Ølen og har dei siste ti åra budd i Vågshagen i Ølensvåg. Ho starta i administrasjonen i Omega i 2008, og har sidan 2018 vore administrasjonleiar i Omega Areal.

Nå er ho i fødselspermisjon til november. Storebror Anders, er travel ungdom som nyleg har fått lettmotorsykkellappen, og er innom ein liten tur med ormekur til katten, før han er på vegen att for å møta vener.

Til hausten startar han opp på salg, service og reiseliv, og skal bu på campus på Lundeneset i Ølensvåg. Men det er ikkje usannsynleg at etasjen han har fått å boltra seg på i toppetasjen vil bli flittig brukt i helgene. Der har han både soverom med gamingutstyr, el-gitarar og god TV-stove med romsleg sofa til å samla vener i.

Hus- og tomteval

Då dei møtte kvarandre hausten for snart tre år sidan hadde begge eige hus, Daniel i Skjold og Lene i Vågshagen, der ho budde saman med sonen Anders. Draumen blei snart å finna noko eige, som dei kunne bygge opp ilag. Med eigenkapital etter sal av to hus sto dei friare til å kunna velja.

– Gjennom åra har me begge gjort oss erfaringar på kva som fungerer i ein heim, fortel Lene.

Etasje til ungdom, fleire bad og god plass til el-gitarar sto på ønskelista.

Tomta fann dei via Vikaneset Panorama, som er eit av satsingsområda for Vindafjord Tomteselskap.

– Tomta var både rimelegare og lunare her i Røsslyngvegen enn elles i området, seier Daniel. Det fekk dei også bekrefta av næraste nabo.

Inngang i 2. etasje

Det har vore ein del sprengingsarbeid for å opparbeida tomta, og ein entreprenør er leigt inn for å få murt opp gode murar som rammar inn huset og hagen på tomta. 

– Me måtte finna eit hus som passa til ei bratt tomt og som kunne tilpassast med inngang i 2. etasje, fortel Daniel.

Dei fleste hus har inngang i 1. etasje. Via dagleg leiar i Kalstveit Bygg i Skjold fann dei døme på Byggmann-hus, og landa på eit Sirius-hus som dei justerte utifrå.

– Det skada ikkje at huset også hadde 70 kvadrameter stor terrasse, smiler Lene.

Valet om å busetta seg i Skjold var ikkje vanskeleg å landa for dei begge. Den flotte tomta og lokasjonen, som gjer at dei begge har kort veg til jobbane sine, spela inn. For Daniel er tida viktig, då han har ei utrykningstid på tjue minutt å forhalda seg til når han er på vakt.

Levert på tida

Totalentreprenør for huset har vore Kalstveit Bygg, og byggeprosessen kom snart i gang.

– Tomta blei kjøpt via Vikaneset Panorama på nyåret i 2020. Me fekk godkjenning av byggesøknaden i sommarferien, gravinga tok til i august, og i september starta Anders Innvær med støypinga av grunnmur, fortel dei.

Dei var inne ei lita veke etter estimert leveringstid. Huset i Vågshagen, som dei la ut for sal i oktober i fjor, blei seld på nyåret i år. Daniel flytta til Lene i Vågshagen medan byggeprosessen sto på. Han fekk seld gamlehuset sitt i Skjold dagen etter visning i januar 2020.

Tett på byggeprosessen

Dei fortel at dei begge har vore tett på byggeprosessen og at det har vore rom for å koma med forslag til endringar og at fagfolka har vore gode på å koma med forslag til løysingar på utfordringar som har dukka opp.

– Det har vore greit å ha tett og god dialog, og me har opplevd å bli tatt på alvor og blitt høyrt på, fortel dei.

Det er jo minst 1000 avgjerder som skal tas når ein bygger eit hus på 300 kvadratmeter.

– Det er kjekt at det i prosessen har vore så mange lokale leverandørar som har vore konkurransedyktige i anbodsrundane. Me er glade for å nytta lokal aktørar i så stor grad som råd, understrekar dei.

Neste byggemål er å ferdigstilla garasjen, men litt tid til å nyta småbarnstida må også prioriterast for den nybakte småbarnsfamilien.