Ølmedal Rundt for 35. gong

Etter to magre korona-arrangement, blir det i år Ølmedal Rundt i tradisjonelle former. Med folkefest på Imsland bygdahus, mosjonistklasse, aktiv klasse og barneløp, i tillegg til stort matsal, drøs og god stemning.

Mange barn som spring trimløp. - Klikk for stort bileteFrå barneløpet i 2019. Ølmedal Rundt

Vindafjord Idrettslag og Imsland Bygdahus håper mange finn vegen til Ølmedal 2. pinsedag, 6. juni. Ølmedal Rundt har tradisjon heilt tilbake frå 1984, og kan dette året dela ut premiar for 35 års deltaking.

Løypa er om lag 7 kilometer, og går rundt Ølmedalsvatnet, på asfaltert veg i kupert terreng. Traseen er godt eigna både for løparar, mosjonistar, rullestolbrukarar og barnevogner.

Du melder deg på via Eqtiming.no.
Deltakarar i barneløpet melder seg på ved bygdahuset løpsdagen. Ein kan også få hjelp til manuell påmelding for tur-trim klassen på løpsdagen.

Meir informasjon finn du på Kva Skjer? og Ølmedal Rundt si facebookgruppe.