Pensjonisttilværet har ho inga hast med – ho trivst altfor godt på jobben ved Vindafjordtunet, der ho arbeider som helsefagarbeidar med vidareutdanning innan psykiatri.
– Det er noko med å få gjera ein skilnad. Å gjera dagane gode for dei som bur her. Eg tenkjer alltid: Korleis ville eg likt å ha det sjølv? Korleis ville eg at foreldra mine skulle hatt det? fortel Vigdis.
Vigdis fann tidleg ut at ho ville jobba med eldre.
Kristine Thorsen Eikeland
Starta som 16-åring
Interessa for omsorgsyrket kom tidleg. Som 16-åring var ho innom sjukeheimen i Vikedal, og oppdaga kor kjekt det var å jobba med eldre.
– Det gjorde inntrykk. Eg fann ut at dette var noko eg likte, seier ho.
Etter nokre år i Stavanger vende ho tilbake til Vindafjord som 18-åring og starta på den gamle sjukeheimen i Vats. Sidan har ho halde fram – i heile 47 år.
– Me har det kjekt på jobb
Med vidareutdanning innan psykiatri har Vigdis eit ekstra blikk for korleis ho kan møte den enkelte der dei er.
– Det handlar om å sjå personen bak sjukdommen. Å ta vare på dei gode stundene og skapa tryggleik, seier ho.
I dag stortrivst Vigdis avdelinga for personar med demens.
Ho er oppteken av å skapa ein god start på dagen for bebuarane – og for kollegaene.
– Eg likar å komma inn om morgonen og skapa ein positiv start. Me har det kjekt på jobb, og det smittar over på dei som bur her. Humor og latter er viktig, seier ho.
– Nokon ønskjer ro, medan andre set pris på aktivitetar. Fleire er glade i song og musikk. Me må vera fleksible og tilpassa oss, og leite etter dei gode augneblikka, legg ho til.
Vigdis har jobba i eldreomsorga i heile 47 år.
Kristine Thorsen Eikeland
Aktivitetar som gir glede
Det skjer mykje kjekt på Vindafjordtunet, og Vigdis er ein av dei som står på for å skape gode opplevingar.
Kvart år lagar dei til dyrsku med lam og kalvar, bryggedans ved vatnet, hest og kjerre før jul, og fest med lappar og spelemenn.
– Det er fantastisk å sjå kor mykje glede det gir. Me får god hjelp frå lokalsamfunnet, og det betyr mykje, fortel Vigdis.
Ho trekkjer fram jakt- og fiskelaget som tek bebuarane med på båttur og fisking.
– Det har me gjort i to år, og planlegg til sommaren igjen. Det var så kjekt å sjå gleda då dei kom i land – stor stas å komme heim med ein liten fisk!
– Det er fantastisk med alle frivillige som møter opp når me treng hjelp til noko. Det set me stor pris på. Leiinga er så positive – det er viktig å ha dei i ryggen. Mange har hjarte for eldreomsorga, og det er kjekt å bu her, seier Vigdis.
Familie og fritid
Når Vigdis ikkje er på jobb, er ho aktiv saman med familien. Ho har fire barn, ti barnebarn og to oldebarn. Ho likar å sy og tilbringe tid på hytta i Hogganvik. – Eg likar å halda meg i aktivitet, smiler ho.
Og pensjon?
– Nei, eg har ingen planar om å gi meg med det første. Denne jobben gir meg så mykje tilbake. Det å få gjera noko kjekt for bebuarane – det skjer ofte at eg kjem heim og føler at det har vore ein god dag. Det handlar om at ein har fått gjort det lille ekstra.