Inviterer til offisiell opning av Vadhytta

Tysdag 22. mars er det opning av Vadhytta klokka 12.00. Alle som har lyst er velkomne til å markera at vindafjordingane si dagsturhytte er ferdig.

Vadhytta ligg flott til ved vadet i Kolbeinshauglia. - Klikk for stort bileteVadhytta ligg flott til ved vadet i Kolbeinshauglia. Berit Hetland

Ordførar Ole Johan Vierdal skal klippa snora, og Belgtøttene serverer musikalske innslag.

Du kjem deg til Kolbeinshauglia både frå Ølensvåg og Bjoa. Frå Bjoa tar det om lag 20 minuttar å gå inn. Frå Ølensvåg om lag ein time frå starten av Duelandsvegen.

Både frå Bjoa (2,8 kilometer tur/retur) og Ølensvåg (7,3 kilometer tur/retur) er det god grusveg. Frå Bjoa går turvegen i lett terreng, og vegen er også eigna for sykkel, barnevogn og rullestol. Frå Ølensvåg er det eit bratt stykke i starten, men det flatar ut på toppen.

Aktiv fritid for alle

Målet med dagsturhytta er aktiv fritid for alle. Tilkomstveg og sjølve hytta med toalettfasilitetar er universelt utforma. Dagsturhytta skal kunna nåast av flest mogleg, uavhengig av helse og kondisjon.

Samstundes skal det vera eit attraktivt turmål å besøka fleire gonger, også for røynde turgåarar. Du vil finna eit minibibliotek i hytta. Dette skal driftast av Vindafjord bibliotek.

Tilkomst og parkering

Frå Bjoa: Ta av frå Bjoavegen ved skiltet til Dalen og følg Eikåsvegen nesten til endes. Like før brua i Eikås, tar du av til venstre og følger skogsbilvegen opp til parkeringsplass. Herfrå er det skilta til Vadhytta.

Frå Ølensvåg: Ta av frå E 134 og inn på Bjoavegen. Etter om lag 300 meter tar du av til venstre og følger Duelandsvegen til parkeringsplass. Du kan også parkera nede ved Bjoavegen der du tar av til Duelandsvegen.

Vadhytta ligg 272 meter over havet der turvegane møtes i Kolbeinshauglia. - Klikk for stort bileteVadhytta ligg 272 meter over havet der turvegane møtes i Kolbeinshauglia. Berit Hetland