Innsamling av utstyr og klede til Ukraina

THK stiftelsen reiser snart til Ukraina med ei ny hjelpesending. I veke 12 samlar dei inn utstyr og klede lokalt i Vindafjord.

Hjelpesending til Ukraina

THK stiftelsen i Haugesund har samarbeida nært med KPK-Ukraina i over 20 år. Dei har køyrt ned 21 semitrailarar med klede, sengetøy, medisinar, mat og anna utstyr til Ukraina etter krigen starta.

Utstyret vert køyrt til Uzjhorod, vest i Ukraina opp mot grensa til Slovakia og Ungarn. Der har KPK-Ukraina eit mottakssenter. Utstyret blir så frakta vidare av ukrainske bilar.

Det er planlagt innsamling av utstyr følgande stadar mellom klokka 17.00-18.30: 

  • Vikedal, Coop Prix,  måndag 21. mars
  • Sandeid, på kaien, torsdag 24. mars
  • Skjold, Skjold Arena, fredag 25. mars

Kva utstyr er det behov for?

THK stiftelsen melder at behovet er størst for: 

  • Madrasser
  • Dyner
  • Puter
  • Sengetøy
  • Hygieneprodukt
  • Sko og klede

Følg stiftelsen THK på Facebook

THK stiftelsen si nettside