«Hydra» bygd av Westcon er kåra til årets skip

Vindafjord kommune gratulerer Westcon i Ølen som vinnar av «Ship of the Year» med MF «Hydra»!

Hydrogenferja Hydra på veg inn Ølsfjorden. - Klikk for stort bilete Westcon / Økland Foto

Det er utruleg kjekt at Westcon kan levera verdas første hydrogen-elektriske ferje ved å stå for bygginga for Norled. Samferdsleminister Knut Arild Hareide overrekte prisen onsdag 8. september.

Westcon er ei hjørnesteinsbedrift i Vindafjord som har stått sterkt i mange år. Det er svært spennande, og me er stolte over at Westcon så tydleg satsar på å vera ein leiande totalleverandør av skip og ferjer, og som nå blir ein føregangsleverandør innan innovasjon, teknologibruk og berekraftige løysingar.

Meir om kåringa finn du her