Det som starta med eit prøveprosjekt for kundar i Haugesund, er nå utvida til alle HIM sine hushaldningskundar. Hagesekken tar 100 liter, og kvar sekk kan vega maksimum 15 kilo. Hugs også at du ikkje skal fylla over den stipla linja inne i sekken
Sekkane kostar 50 kroner per stykk, og du kan kjøpa dei anten på HIM sine miljøparkar eller rådhuset i Ølen. Skal du ha meir enn 10 sekkar, må dei kjøpast hos HIM.
Meir om ordninga finn du på HIM si heimeside
Korleis levera
Hagesekken set du ut saman med restavfallet. Du kan ikkje setta ut meir enn 3 sekkar per tømmedag, og du er sjølv ansvarleg for at sekken står sikkert og ikkje veltar.
Burettslag og sameige må bestilla sekkar og henting på ege skjema.
Sekkane er komposterbare, og må lagrast tørt. Det er viktig å beskytta dei på tømmedag om det regnar.
Dei som ønsker det kan sjølvsagt framleis levera hageavfall i miljøparkane. Hushaldningskundar kan levera inntil 5 kubikkmeter hageavfall gratis kvart år.
HIM
Dette kan du ha i hagesekken
- Kvistar
- Greiner (del opp om dei er lange)
- Løv
- Gras
- Mose
- Ugras
- Hageplanter
- Buskar
Dette kan ikkje leverast i hagesekken
Alt som ikkje er hageavfall, som
- Matavfall
- Restavfall
- Grovavfall
- Plastavfall
- Stein og jord
- Svartelista planter og framande artar.
- El-avfall
- Farleg avfall
- Trevirke med meir
HIM sørger for at mest mogeleg av hageavfallet blir kompostert og blir til ny jord. Derfor er det viktig at hageavfallet som blir samla inn ikkje er blanda med anna avfall.