– Eg hadde tatt ein pause og jobba med andre ting i ein lengre periode. Då pandemien kom vart me som hadde sjukepleiarbakgrunn blei spurde om å bidra. Då kjende eg plutseleg: Nei, eg er ikkje ferdig som sjukepleiar! Eg vil tilbake, fortel Gunnbjørg smilande.
Tre år seinare er ho fast i jobben på Ølen omsorgssenter – og strålar når ho snakkar om både kollegaer og kvardagen på avdelinga.
– Det er som å koma heim.
Kristine Thorsen Eikeland
Eit yrke med meining
– Eg er glad i folk, og sjukepleie er eit spennande og allsidig yrke. Her får eg brukt både hovudet og hjartet, seier Gunnbjørg.
Ho peikar på kor mykje fleksibilitet og variasjon som ligg i jobben – og kor viktig det gode miljøet er:
– Me står skulder ved skulder. Det er eit sterkt samhald blant oss tilsette, og stor kunnskap og breidde i personalgruppa. Me er eit skikkeleg team!
Kristine Thorsen Eikeland
Der kvar dag betyr noko
– Her føler eg at eg verkeleg er til nytte, at eg kan gjera ein forskjell i folk sine liv, fortel Gunnbjørg.
Ho beskriv kor fint det er å følgja pasientane gjennom små og store utfordringar:
– Det er ein stor overgang når helsa endrar seg, men så kjekt å sjå når dei opplever meistring igjen. Å tenkja løysingar, finna dei rette hjelpemidla og vera ein døropnar – mange veit jo ikkje alt som faktisk finst av tilbod.
Pårørandekontakt er òg ein viktig del av kvardagen.
– Me brukar pårørande som ressursar, og prøver å visa både dei og bebuarane kor mykje moglegheiter som finst.
Kristine Thorsen Eikeland
Kvardag med varme, fellesskap og små gleder
Miljøet på Ølen omsorgssenter er fullt av liv.
Laurdagskveldane blir til fest når bebuarar og personale samlast rundt langbordet med kvit duk, middag og bordvers.
Fredagane luktar det nysteikte vaflar i gangane – ein tradisjon som gjer godt både for sansar og stemning.
– Det er slike augeblikk som skaper gode minner, seier Gunnbjørg.
Ute er det hageområde med benkar og hagemøblar, og på fine dagar trillar dei turar eller syng saman.
Elevar kjem på besøk, det blir lest høgt, spela piano og arrangert små aktivitetar – til og med ballspel.
Nyleg har besøkshunden Easy blitt fast gjest, noko både bebuarar og personale set stor pris på.
Lag, foreiningar, barnehagar og skular er ofte innom for å skapa liv og røre.
– Me prøver alltid å gjera litt ekstra – spegla det som skjer ute i verda. Sjå landskamp, feira sommarfest, 17. mai, bake julekaker og syngja. Det gjer mykje med stemninga.
Kristine Thorsen Eikeland
Sjukepleie som gjev meining
– Først og fremst handlar jobben om liv og helse, men me prøver alltid å få til det lille ekstra, seier Gunnbjørg.
– Me blir kjende med menneska – ikkje berre sjukdom og begrensningar. Det handlar om å sjå kven dei er, kva dei har opplevd, og gi rom for meining og oppturar i kvardagen. Det er givande når dei opplever mestring.
Ho smiler:
– Dei har så mykje livserfaring! Alt frå yrkesliv og reiser til matoppskrifter og jakt. Og dei deler gjerne – både historier, humor og visdom. Det er eit privilegium å få vera ein del av.
Vil du bli ein del av laget?
På Ølen omsorgssenter er det rom for både fagleg utvikling og ekte arbeidsglede.
– Her blir du del av eit miljø som bryr seg – både om bebuarane og om kvarandre, avsluttar Gunnbjørg.
Høyres det interessant ut? Bli ein del av laget!
Ta kontakt med Annelin Bauge for ein uforpliktande prat:
annelin.bauge@vindafjord.kommune.no