Gratis hurtigtestar i alle bygdene

Denne veka blir tilgangen på gratis hurtigtestar utvida til alle bygdene i Vindafjord. På butikken kan du få testar dersom du har symptom eller er nærkontakt.

BuggiBe, Pixabay

I løpet av måndag og tysdag denne veka, vil det bli levert ut gratistestar til daglegevarebutikkane. Kvar innbyggar som treng det får 2 testar.

Treng du gratis hurtigtestar til fleire husstandsmedlemmer, bør dei hentast på koronakontoret, Rådhusplassen 32 (gamle legevakta i Ølen). Butikkane har berre enkeltpakningar til utdeling.

Prioriteringar for gratis sjølvtestar

  • Personar med symptom
  • Nærkontakt
  • Maksimum 2 testar per person

Merk: Få andre til å henta test til deg dersom du har symptom.

Desse har ikkje rett på gratis sjølvtestar

Gratis sjølvtestar frå kommunen skal ikkje brukast ved rutinemessig testing i regi av arbeidsgivarar for testing av eigne tilsette, eller av organisasjonar, arrangørar eller private som ønskjer testing til arrangement og sosiale samankomstar i offentleg eller privat regi.

Testar til slike føremål kan kjøpast på apotek og i butikk.