Folkemøte om ny kraftlinje

Fagne inviterer til folkemøte om bygginga av ny 132 kV kraftlinje frå Ølen via Våg til Bratthammar i perioden 2023-2027. Møtet blir halde i Skjold Arena 5. januar klokka 19.00.

To kraftlinjer side om side. - Klikk for stort bilete Haugaland Kraft

Dei to eksisterande 66 kV-linjene på denne strekninga er mogne for utskifting og skal erstattast med ein ny 132 kV kraftleidning. Første delstrekning går frå Ølensvåg transformatorstasjon til Vatnedalsvatnet, med planlagd byggestart i slutten av januar 2023. Sjå kart nedst i artikkelen.

Viktig for ein region i kraftig vekst

Utskifting og forsterking av linjene i området er viktig for å sikra forsyningstryggleiken til Haugalandet på lang sikt. Det er også naudsynt for å auka overføringskapasiteten til ein region i kraftig vekst, skriv Fagne i ei nyhendemelding.

I tillegg til at to linjer blir til éi, vil talet på master bli redusert frå 437 til 141. I byggefasen vil linjetraseen vera prega av tungtrafikk, skogrydding og helikopterflyging. Fagne ønsker å informera breitt om prosjektet, og inviterer difor til folkemøte i dei aktuelle kommunane.

Ettersom prosjektet har oppstart i Vindafjord, vil det første folkemøtet fokusera på Vindafjord-delen spesielt. I tillegg vil Fagne gi ein generell presentasjon av prosjektet, og det blir høve til å stilla spørsmål. Det vil bli arrangert eit eige folkemøte om Tysvær-delen av prosjektet på eit seinare tidspunkt.

Les meir om prosjektet her

Ny kraftlinje blir viktig for Haugalandet

Kartet viser ny (blå linje) og gamal (grøn linje) trasé for kraftlinja frå Ølen via Våg til Bratthammar.