Flytta heim til drøymejobben

Jobben i AutoStore var avgjerande for at Helene Hardeland (28) flytta heim igjen.

Helene Hardeland jobbar med logistikk hos AutoStore. - Klikk for stort bilete– Alle har godt av ein luftetur ut i verda, bli kjent med nye menneske og få andre impulsar. Så kan ein koma heim igjen, meiner Helene Hardeland. AutoStore

Helene Hardeland er opphavleg frå Etne, men bur i dag i Ølen saman med sambuaren og to hundar. Etter mange år i Stavanger var ho ikkje vanskeleg å be når drøymejobben i AutoStore dukka opp, og det opna seg ein moglegheit for å flytta heim.

– Jobben er veldig viktig. Eg hadde nok ikkje flytta heim viss ikkje arbeidsplassen var på plass. Me er heldige i Vindafjord, der me har så mange store bedrifter å velja i. Attraktive jobbar er viktig for å bidra til vekst i bygda, og ikkje minst for å få ungdommane heim igjen. Alle har godt av ein luftetur ut i verda, bli kjent med nye menneske og få andre impulsar. Så kan ein koma heim igjen, meiner Helene.

Ho trur også valet om å flytta heim er enklare når begge to i forholdet er frå distriktet. Nå har dei kjøpt seg hus på Stumo, som er barndomsheimen til sambuaren.

Ikkje heilt som planlagt

– Det er ein enklare diskusjon når begge er om lag frå same staden. Og så får ein mykje meir hus og tomt for pengane her enn i Stavanger. Det er klart det og betyr noko, seier Helene.

Starten i teknologigiganten i Vats vart ikkje heilt som planlagt. Helene byrja nemleg i den nye jobben 1. februar i 2020, ein dryg månad før koronapandemien stengte ned landet.

– Eg har vore på heimekontor stort sett heile tida etter at eg byrja, men det har gått greitt. Me har gode digitale verktøy slik at me klarar å ha god kontakt, men det kan jo bli einsamt og lite sosialt. Eg har vore innom kontoret av og til, berre for å sjå andre.

Skulle heim etter to år som læring

Ho har fagbrev som logistikkoperatør, og har tidlegare jobba som logistikkoperatør i det stavangerbaserte oljeserviceselskapet Baker Hughes. I oljeselskapet tok ho læretida si og vart verande i åtte år. Arbeidsoppgåvene var varierte – alt frå å køyra truck og lossa bilar til kontorarbeid for å halda orden i logistikken.

– Eigentleg skulle eg flytta heim etter to år som lærling, men eg treivst så godt at det blei seks år til. Så jobben i Stavanger var det ingenting å seie på, men etter kvart hadde eg behov for å koma nærare heimen, familie og vener, seier Helene.

Eit annleis selskap

Stillinga som Internal Sales Support i AutoStore gir varierte dagar. Ho har ansvar for å få ordrar inn på rett plass og gi support til kundar og partnarar. Det handlar om å vera strukturert, og halda orden i ei stor mengde med informasjon.

– AutoStore er eit annleis selskap enn dei eg har jobba i før, men eg likar meg kjempegodt og har blitt tatt i mot på ein fantastisk måte, seier Helene.