I dag er Merethe godt etablert med mann og barn, og har funne seg til rette både privat og på jobb.
– Eg er glad for å bu i Vindafjord. Her skal eg bli gammal, seier Merethe med eit smil.
Sidan 2020 har ho jobba ved Sandeid bufelleskap, og ho er ikkje i tvil:
– Det er den beste plassen å jobba. Eg blei utruleg godt motteken og fekk kjempebra opplæring, fortel ho.
Merethe Klungtveit er frå Sandnes, men stortrivst i Vindafjord.
Kristine Thorsen Eikeland
Jobb som gir tryggleik og fleksibilitet
Med ein mann som jobbar offshore og barn heime, har det vore viktig for Merethe å få ein turnus som fungerer i kvardagen.
– Eg har fått tilpassa turnusen slik at det klaffar med familielivet. Det betyr mykje, og eg får god hjelp til logistikken, seier ho.
– Eg kjenner på mestring og har alltid støtte frå kollegaene. Me har god kommunikasjon og drar lasset saman. Det er låg terskel for å spørja om hjelp, og leiinga er fantastisk. Dei ser deg, gir tilbakemelding og får deg til å føle at du høyrer til, fortel ho.
Kristine Thorsen Eikeland
Humor, fellesskap og utvikling
Arbeidsmiljøet er prega av humor og trivsel.
– Me har mykje lått og løye på jobb. Folk hiv seg med, og du får vera deg sjølv. Det er kjekt å gi noko tilbake til arbeidsplassen, og du får tillit, seier Merethe.
Ho har også fått utvikla seg fagleg, blant anna gjennom vidareutdanning innan positiv atferdsstøtte.
– Eg har prøvd andre ting, men bolig passar meg. Her får eg lære mykje og utvikla meg vidare, seier ho.
Gode relasjonar
Merethe kjenner brukarane godt og byggjer gode relasjonar.
– Det er så givande å jobba med dei. Me har fellesstunder, spelar spel, lagar laurdagsmiddag og gjer kjekke ting i lag. Det er ein jobb der du verkeleg kan bety noko for andre, fortel ho.
Til nye kollegaer har ho eit klart råd:
– Du må vera nysgjerrig på andres liv, fleksibel og villig til å tilpasse deg. Det handlar om å bry seg og gi brukarane det dei treng for å ha eit godt liv, avsluttar Merethe.
Kristine Thorsen Eikeland
Ledige stillingar:
- Sandeid Bufellesskap og Sandeidtun søkjer no 100% fast stilling
https://vindafjord.easycruit.com/vacancy/3555389/230985...
- To faste nattevaktstillingar ved Sandeidtun
Kontakt: Kristin Tellefsen
Mob: +47 90502085
E-post: kristin.tellefsen@vindafjord.kommune.no