– AutoStore gir framtidstru

Kronprins Haakon var klar i talen etter besøket hos AutoStore i Åmsosen onsdag. – At dei har starta dette her i Vats og utvikla det til eit stort, globalt selskap, er kjempeimponerande. Det gir litt framtidstru når nokon klarar å bygga opp noko slikt på så kort tid. 

Kronprins Haakon helser på ordførar Ole Johan Viedal. - Klikk for stort bileteOrdførar Ole Johan Vierdal ønskte kronprins Haakon velkomen til Vindafjord og Åmsosen. Marcus Rødne

Oppmøtet var stort i Åmsosen då kronprinsen onsdag starta sitt besøk til rogalandsbedrifter hos AutoStore.

– Dette besøket er ein merkedag og eit uttrykk for reisa AutoStore har hatt og kvar me er. Det er verd å reflektera litt over, og er ein stoltheit for alle som jobbar i AutoStore. Dette ser me også i lokalsamfunnet og gjennom bidraget til Nesheimstunet og skulebarna som stod utanfor, fortel ei stolt Anette Matre, Chief People & Information Officer i AutoStore.

Lese heile saka og sjå video og bilete på Medvind24.no