Aktivitetsdag på Vindafjordmuseet

Laurdag 7. mai er ein god dag å ta turen til Vindafjordmuseet. Aktivitetsdagen er for folk i alle aldrar som vil sjå museet og utstillingane, og ikkje minst vera med på handverksaktivitetar.

Monica N. Haugen, formidlar på Vindafjordmuseet med ein lur. - Klikk for stort bileteMonica N. Haugen, formidlar på Vindafjordmuseet med ein lur. Lur er eit av Noreg sine eldste musikkinstrument. Grethe Nygaard

Haugalandmuseet stiller med aktivitetar som hogging og forming i kleberstein ved Kine Lorås, og maling av små trehus med komposisjonsmåling ved Cathrine Glette. Du får sjå korleis ein smir, der Jan Egil Nes har med både belg og esse, og du vil få høyra fortelling i røykstova ved Tove Selås.

Det blir også servering og eit kåseri ved Osmund Øverland ved Imsland, Vikedal og Sandeid Sogelag.

Elles vert det rebus både ute og inne, og du kan få med deg den nye utstillinga «Natostasjonen på Lysenuten. Kald krig – varme historiar».

Aktivtetsdagen pågår mellom klokka 12.00 - 15.00. Hjarteleg velkomen skal du vera!

For meir informasjon, kontakt Monica N. Haugan, formidlar Vindafjordmuseet.