10 passasjerar på dei tre handlebussane fredag

Mange er svært glade for oppstart av ei rute til for Handlebussen. To nøgde passasjerar tok bussen saman med representantar frå kommunen og Kolumbus til Joker Vats fredag.

God kake og godt selskap fekk fram smilet i Drøsestova hos Joker Vikebygd. Gunn Vikingstad

Seks passsjerar kosta seg i Drøsestova med denne flotta kaka i Vikebygd. Gunn Vikingstad Frå fredag 6. mai tok Kolumbus over drifta av Handlebussen, og me har nå tre ruter i kommunen.  Dette er så kjekt at kommunen spanderte kake på alle dei tre butikkane, til glede for handlebusspassasjerar og andre kundar utover dagen.

Joker Vats hadde ordna flott kakebord midt i butikken, og både passasjerar, butikk, Kolumbus og kommunen koste seg med kake og gleda av eit slikt tilbod også i Vats. Stemninga var like god både i Vikebygd og Imsland.

Ikkje alle var klare til å bli med på første tur, og tre av dei faste passasjerane måtte senda handlelister på grunn  av sjukdom. Me håper å sjå fleire passasjerar allereie neste fredag.