Kontrollutvalet

Kontrollutvalet skal på vegne av kommunestyret stå føre kontroll med kommunen si verksemd, under dette sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.

Kontrollutvalet skil seg i stor grad frå andre kommunale styre, råd og utval då utvalet ikkje skal drive politisk verksemd, og heller ikkje skal overprøve politiske prioriteringar gjort av andre folkevalte organ eller andre kommunale organ.

Kontrollutvalet skal framstå som eit kompetent, uavhengig, objektivt og synleg organ med høg integritet. Kontrollutvalet sine medlemmer og varamedlemmer har rett til deltaking på kommunen sin folkevaldopplæring, tilsvarande som for kommunestyremedlemmene.

Reglement for Vindafjord kontrollutval (PDF, 222 kB)

Meir informasjon om kontrollutvalet

Medlemmer og møteplan