Politisk sekretariat

Politisk sekretariat er administrasjon for kommunen sitt politiske nivå, som består av kommunestyre, formannskap og ei rekke utval og råd.

Sekretariatet legg forholda best mogleg til rette for arbeidet i kommunen sine politiske organ når det gjeld førebuing, gjennomføring og etterarbeid.

Vidare sørger politisk sekretariat for at dei folkevalgte får dei arbeidsbetingelsar og den godtgjersla dei har krav på, og gir råd, rettleiing og informasjon til folkevalgte, administrasjon og publikum.

Oppgåver

  • Førebuing og etterarbeid for møter i kommunestyret, formannskapet, utval og råd
  • Rådgiving og saksbehandling for politisk og administrativ leiing, innanfor kommunelov, forvaltningslov og vallov
  • Valgjennomføring
  • Folkevalgtopplæring
  • Saksbehandlar for borgarlege vigslar
  • Administrasjon og saksbehandling knytta til oppnevningar til tingrett og lagrett
  • Utarbeida reglement og rutinar for politisk styringsstruktur
  • Andre støttefunksjonar for ordførar og kommunedirektør

Har du spørsmål, ta kontakt med oss!

Kontaktinformasjon

Politisk sekretariat
Telefon 53 65 65 65

Gunnbjørg Nesbu 53 65 65 62
Inger Olaug Sandvik 53 65 65 08

Stina Hetland Golf
Leiar
Service og fellestenester
E-post
Telefon 53 65 65 27
Mobil 971 36 580