Informasjon om saksbehandling av vindkraftanlegg på land

Det er mange som har sprøsmål om saksbehandlinga av vindkraftanlegg. Her kan du lese meir om sakene og saksbehandlinga. 

Me har mottatt to planinititativ for vindkraftutbygging den siste tida:

Kommunen skal behandle vindkraftanlegg som ein områdeplan etter plan‑ og bygningslova (pbl). Samstundes behandlar NVE dei same prosjekta etter energilova (konsesjonsprosessen).

Dette betyr at det går føre seg to parallelle prosessar. NVE kan ikkje gje konsesjon før kommunen har vedteke ein områdeplan. Kommunen har derfor i praksis vetorett: utan ein godkjent områdeplan kan det heller ikkje gis konsesjon.

Nedanfor kan du lese meir om korleis behandlinga av ein områdeplan går føre seg i kommunen. 

Prosessen kan litt forenkla delast i tre fasar:  

Fase 1: Planoppstart og planprogram (i vindkraftsaker kalla plan- og utgreiingsprogram  (PU)
Fase 2: Utgreiingar og utarbeiding av planforslag  
Fase 3: Planbehandling og høyring av planen 

Sjå her for ein kort forklaring av dei ulike plandokumenta

Fase 1 – Planinitiativ og oppstart
Kommunen mottar eit planinitiativ og gjennomfører eit oppstartsmøte.  Dersom kommunen vurderer at planinitiativet ligg innanfor rammene for å starte ein planprosess kan tiltakshavar gå vidare med å utarbeide plan- og utgreiingsprogram (PU) i tråd med ein vanleg planprosess.

Det er mogleg å be om ei politisk prinsippavklaring ved oppstart av planarbeid. Kommunestyret i Vindafjord har bestemt at vindkraftsaker skal behandlast sak for sak etter plan- og bygningslova, mellom anna basert på eit verbalt vedtak i økonomiplanen for 2026.

Før vidare planlegging kan skje, skal det varslast om oppstart og PU skal sendast på høyring. PU er ein plan for korleis sjølve områdeplanen skal utarbeidast og skildrar kva tema som skal utgreiast og korleis medverknad skal gjennomførast.

Når tiltakshavar sender inn PU til kommunen og NVE, vil dokumentet bli lagt ut på høyring. Dette blir den første formelle høyringa i saka.
Etter høyringa blir PU behandla politisk. Då kan kommunen enten fastsetje PU, slik at planarbeidet kan halde fram, eller ikkje fastsetje PU, som stoppar prosessen på dette stadiet.
 

Fase 2 – Utarbeiding av planforslag
I fase 2 utarbeider tiltakshavar sjølve planforslaget. Dette omfattar konsekvensutgreiingar,  medverknadsprosessar og faglege vurderingar i tråd med krava i PU.
Fase 2 blir avslutta når eit komplett planforslag er sendt til kommunen, og konsesjonssøknad er sendt til NVE.

Fase 3 – Politisk vurdering av planen
I fase 3 vurderer kommunen om planforslaget er klart for høyring, og deretter gjennomfører høyringa saman med NVE.

Når alle merknader og eventuelle motsegner er avklarte, kan kommunestyret ta endeleg stilling til om kommunen ønskjer utbygginga. Det er først her kommunen tek endeleg stilling til innhaldet i planen.

Informasjon og innsyn
Det er fleire arealsaker som får mykje merksemd no. Les meir om dei ulike sakene her
 

Artikkelliste