Vats, Fotballhall - Planending - Varsel om oppstart

Varsel om oppstart av planarbeid for endring av Reguleringsplan Vatne, Nedre Vats.

Etablering av fotballhall.

I samsvar med §§ 5-1 og 12-14 i plan- og bygningslova vert det varsla oppstart av endring for del av gjeldande reguleringsplan Vatne, Nedre Vats i Vindafjord kommune. Gnr./Bnr. 110/20 og 109/17. 

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for etablering av fotballhall innanfor føremål idrettsanlegg. I gjeldande reguleringsplan er planområdet regulert til offentlege bygningar, og er i kommuneplanen sett av til idrettsanlegg og offentleg formål.

Det er allereie utført gravearbeid på arealet der fotballhallen er planlagt plassert.

Vindafjord kommune har vurdert at planendringa ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing. 

Naboar, grunneigarar og myndigheiter vert varsla direkte.

Førespurnader som gjeld planarbeidet kan rettast til Kvala Arkitekter v/ Regine Velde, telefon 906 05 494 eller e-post: regine@kvala.no

Eventuelle merknader skal sendast skriftleg til regine@kvala.no eller til Kvala Arkitekter AS, Vestheimvegen 49, 4250 Kopervik, innan 21.05.26.

Vedlegg: