Tilkomstar til Ølen idrettsområde - Varsel om oppstart av planarbeid

I samsvar med plan- og bygningslova §12-8 vil Vindafjord kommune med dette varsle om at følgjande arbeidd er sett i gang;

Detaljregulering for tilkomstar til Ølen idrettsområde, gnr. 371 bnr. 31, planID 1160202504

Føremålet med planarbeidet er todelt:

  • Sikra ny tilkomst til Ølen idrettsområde frå sør, via Øvrehagen, med tilhøyrande fortau
  • Sikra ny gang- og sykkelveg frå idrettsområde mot nord, til Dreganesvegen, inkludert kryssing av denne.

I arbeidet med planen vil val av profil på både køyreveg og gang- og sykkelveg stå sentralt, saman med traseval. Planavgrensinga som er varsla er større enn det endeleg planområde vil vera, for å sikra plass til å vurdera alternative trasear, og for å sikra nok areal til midlertidig bygge- og anleggsområde. 

Merknadar og innspel til planarbeidet kan sendast til Vindafjord kommune på e-post til landbruk@vindafjord.kommune.no, eller pr. brev Vindafjord kommune, Østbøvegen 2, 5585 Sandeid.

Frist for innsending av merknadar er 9.november 2025.

Me ber om at eventuelle leigetakarar vert informert.

Etter at fristen er ute vert planforslaget utarbeidd og teke opp til behandling i formannskapet. Etter 1.gangsbehandling vert planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vera høve til å kome med uttalar/merknadar til planforslaget, før endeleg behandling av planen.

Varslingsdokument: