Områdeplan for Skjold- Varsel om oppstart og høyring av planprogram

I samsvar med plan- og bygningslova §12-8 vil Vindafjord kommune med dette varsle om at arbeidd med Områdeplan for Skjold med tilhøyrande planprogram, planID 1160202502 er sett i gang.
Planoppstart blir med dette varsla i samsvar med plan- og bygningslovens § 12-8. 

Med bakgrunn i sterk vekst i befolkninga siste 5 år, behovet for oppdatert planverk, gode løysingar for all intern trafikk i tettstaden og eit avklart sentrumsområde med potensiale for utvikling, ønskjer me både ein strategisk plan med gode målsettingar og visjonar for Skjold, men også ein operasjonell plan som har gode og konkrete løysingar. 

Planprogrammet:
Etter plan- og bygningslova §4-1 skal det, som ledd i varsling av oppstart av planarbeid, utarbeidast planprogram for reguleringsplanar som kan ha vesentlege verknader for miljø og samfunn. Områdeplanen kjem inn under § 6 a i KU-forskrifta og skal utgreiast etter rammene i vedlegg II. 
Me vil gjere merksam på at det er planprogrammet som nå skal sendast ut på høyring. Dette er ei «oppskrift» på korleis planen skal utarbeidast. Forslag til planprogram gjer greie for bakgrunnen for planarbeidet, kva me vil oppnå med planen (Del 1), rammer for planarbeidet (Del 2) og korleis me skal løyse oppgåva (del 3). 

Her kan du lese forslag til planprogram. Me har og laga ei kort versjon av planprogrammet.

Områdeplanen er omfattande og det er derfor viktig med politisk forankring av at denne oppskrifta gir dei rette rammene for planarbeidet. Forslag til planprogram var derfor opp til politisk behandling 04.11.2025. Formannskapet gjorde følgjande vedtak:

  1. Forslag til planprogram med konsekvensutgreiing for områdeplan for Skjold blir sendt på høyring saman med varsel om planoppstart
  2. Planområdet blir utvida slik at heile bustadfelta, samt det ferdigregulerte feltet nord for Skjoldalifeltet blir èin del av planen.
     

Planprogram og planområdet er oppdatert med denne endringa.

Plangrense


Medverknad
Vindafjord kommune ønsker tidleg dialog med naboar, grunneigarar og andre interesserte.
I samband med høyring av planprogrammet vil det bli arrangert eit ope informasjonsmøte om planprogrammet, planprosess og planarbeidet. I dette møtet vil det bli orinetert meir om medverknadsopplegg og korleis kvar enkelt kan gje si stemme.  
Informasjonsmøte blir på Skjold arena tysdag 2. desember frå kl 18-20

Når planprogrammet er vedtatt, vil det bli arrangert ulike medverknadsmøte og verkstadar i mindre og større grupper for å famne dei ulike temaa og nå viktige interessegrupper. Det er særleg viktig å nemne Rogaland fylkeskommune og Statens vegvesen knytt til veg og kryss, barn og unge knytt til mjuke trafikantar og grunneigarar og næringsliv knytt til sentrumsutvikling.  Det er aktuelt å gjennomføre fleire opne møte og ei spørjeundersøking i løpet av arbeidet med planen. Detaljert plan for medverknad må tilpassast behovet undervegs. 

Merknadar og innspel til planarbeidet kan sendast til Vindafjord kommune på e-post til postmottak@vindafjord.kommune.no, eller pr. brev Vindafjord kommune, Østbøvegen 2, 5585 Sandeid.

Frist for innsending av merknadar er 31. desember 2025.

Etter at fristen er ute og uttalane er vurdert vert planprogrammet tatt opp til endeleg fastsetting i formannskapet.
Etter dette startar prosessen med utarbeiding av sjølve planforslaget. Planforslaget vert utarbeidd av kommunen sjølve. Etter 1.gangsbehandling vert planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vera høve til å kome med uttalar/merknadar til planforslaget, før endeleg behandling av planen.

Plandokument