Fastsetting av fellingsavgifter for hjort i forskrift - lokal forskrift til høyring
Vindafjord kommune sender på høyring framlegg til endring av gjeldande forskrift om adgang til jakt og minsteareal for jakt etter hjortevilt, Vindafjord kommune, Rogaland, ved tilføying av eit punkt 3 om fastsetting av fellingsavgifter for hjort.
Den nye viltressurslova trer i kraft 01.07.2026. Viltressurslova innfører krav om at kommunar som ønsker å fastsette og krevje inn fellingsavgift for kvart felte dyr av hjort, må gjere dette i forskrift, jf. viltressurslova § 9 fjerde ledd. Fellingsavgiftene må fastsettast innanfor rammer fastsette av Stortinget.
Vindafjord kommune sender på høyring framlegg til endring av gjeldande forskrift om adgang til jakt og minsteareal for jakt etter hjortevilt, Vindafjord kommune, Rogaland, ved tilføying av eit punkt 3 om fastsetting av fellingsavgifter for hjort. Kommunen føreslår samtidig ein reduksjon av fellingsavgifta for kalv frå kr. 230 til kr. 160. Tittelen er føreslått endra i samsvar med innhaldet til: Forskrift om adgang til jakt og fastsetting av minsteareal for hjort og rådyr og fastsetting av fellingsavgifter for hjort, Vindafjord kommune, Rogaland.
Saksdokumentet frå møtet i vilt- og fiskeutvalet 21.04.2026 og framlegg til ny forskrift finn du her: Møteoversikt - Vindafjord kommune
Høyringsuttalar sendast skriftleg på e-post til gitte.halvorsen@vindafjord.kommune.no
eller med brev til Vindafjord kommune, Østbøvegen 2, 5585 Sandeid.
Høyringsfrist: 22. mai 2026.
Sist endra 24.04.2026 11.29