1: Sjekk om du må sende søknad
Sjekk først om du må søke, om du kan søke sjølv eller om fagfolk må søke for deg
Tiltak - Vindafjord kommune
2. Sjekk planar og bestemmelsar for din eigedom
Før du byggjer, riv eller endrar må du sjekka kva planar og føresegner som gjeld for eigedommen din. Planar og føresegner er avgjerande for kva du kan gjera av endringar og kva du kan bruka bygget på eigedommen din til.
Planar og reglar for din eigedom finn du i kommunekart
3. Søknad
Eitt- stegssøknad – for større byggjetiltak
Dei fleste større eller meir kompliserte byggjetiltak krev ein såkalla eitt- stegssøknad.
Desse tiltaka er søknadspliktige med krav om ansvarlege føretak, etter plan- og bygningslova § 20-3. Det betyr at det normalt skal vere profesjonelle aktørar (entreprenør, arkitekt, byggmeister) som erklærer ansvar for arbeidet.
Sjølvbyggjar – når du ønskjer å gjere jobben sjølv
Er du eigar av ein einebustad eller fritidsbustad, kan du i enkelte tilfelle søkje om å vere sjølvbyggjar. Det betyr at du tek på deg ansvaret sjølv – i staden for å bruke ansvarlege føretak.
For å få godkjenning som sjølvbyggjar, må du:
- Eige eigedomen
- Byggje til eige bruk (ikkje for sal eller utleige)
- Ha tilstrekkeleg kunnskap, eller få god rettleiing frå fagpersonar
- Sende ein søknad til kommunen om å få vere sjølvbyggjar
Kommunen vil vurdere om du er skikka til å ta ansvaret. Du får då same ansvar som eit profesjonelt føretak, og må følgje dei same reglane og krav til dokumentasjon og kvalitet.
Å vere sjølvbyggjar kan vere eit godt alternativ dersom du har praktisk erfaring eller får hjelp av nokon med byggjefagleg bakgrunn.
Søknad om personleg ansvarsrett som sjølvbyggjar
Søknad utan ansvarleg føretak – når du kan gjere det sjølv
For mindre tiltak kan du som huseigar (kalla tiltakshavar) sende inn søknad og stå ansvarleg sjølv. Dette gjeld:
- Eitt enkelt tilbygg på inntil 50 m²
- Eitt frittståande bygg som garasje, bod eller liknande på inntil 70 m²
Dette går etter reglane i plan- og bygningslova § 20-4. Du må likevel sende inn søknad og få godkjenning frå kommunen før du startar. Bygget må òg følgje reglane i arealplan og teknisk forskrift (TEK17)
Søknad om tiltak utan ansvarsrett
4. Samla alt du må ha i byggjesøknaden
Beskrivelse av kva du søkjer om.
Ei kort beskriving som gjer det enkelt for behandlar å setja seg inn i kvar du søkjer om. Du må også grunngi eventuelle dispensasjonar.
Teikningar og kart
- Et situasjonskart er ei kartutsnitt av eigedomen. Når du søker om eit tiltak, treng du eit kart for å teikna inn kva du skal bygga.
- Målsatt plan, snitt og fasadeteikningar.
- Teikningar som visar sist godkjent situasjon. Detta kan du bestilla i saksinnsyn
Bestill situasjonskart hos kommunen postmottak@vindafjord.kommune.no.
Meir om situasjonskart og teikningar
Dokumentasjon på tilstrekkeleg sikkerheit mot naturfarar
Det er krav om at det berre kan byggjast der det er tilstrekkeleg tryggleik mot naturpåkjenningar. Slike naturpåkjenningar kan vera kvikkleireskred, flaum, stormflod eller skred i bratt terreng.Dokumentasjon på sikker byggjegrunn skal sendast inn i alle byggjesaker, med mindre naturfare er nyleg avklart i plan.
Sikkerheit mot naturpåkjenningar TEK17
Last ned skjema for vurdering av sikkerheit mot naturfare
Eventuelle dispensasjonar
Viss tiltaket er i strid med lov, plan eller forskrift, må du søkja om dispensasjon. Du kan ikkje søkja om dispensasjon frå saksbehandlingsreglar.
Meir om dispensasjon
Skjema til dispensasjon
Sefrak
Kva er SEFRAK?
SEFRAK er eit landsdekkande register over eldre bygningar og kulturminne, som blei starta opp i 1970-åra. Målet er å dokumentere og ta vare på bygningar frå tida etter reformasjonen i 1537 og fram til rundt år 1900.
I Rogaland er det hovudsakleg bygningar som er registrerte. Mange av desse er ikkje verna, men registreringa gjev viktig informasjon om lokalhistorie, arkitektur og bygningar som har verdi for nærmiljøet.
Kvifor SEFRAK?
Fordi mange gamle bygningar blir rivne eller endra, og verdifull kunnskap om historia vår då går tapt. SEFRAK skal hjelpe både i bygningsvern, lokal planlegging og forsking.
Klassifisering:
Bygningane blir vurderte og delte inn i tre klassar:
A – Høg verneverdi, kan bli freda
B – Verneverdige, bør regulerast særskilt
C – Ingen spesielle krav utover vanleg regelverk
SEFRAK handlar altså ikkje berre om vern, men om å kjenne historia bak bygningane og bruke den kunnskapen når me planlegg for framtida.
Avkøyring eller bygga langs offentleg veg
Dersom du skal opprette, utvide eller endre bruken av ein avkøyring frå offentleg veg i samband med ei byggjesak, må du sende inn ein godkjent avkøyring saman med byggjesøknaden. Dette gjeld til dømes ved større bruksendringar, oppføring av nybygg eller når det skal etablerast fleire bueiningar.
Statens vegvesen: Send søknad om avkøyring her.
Rogaland fylkeskommune: Søknad om avkjørsel - Rogaland fylkeskommune
Vindafjord kommune: Avkøyring til kommunal veg - Vindafjord kommune
Røyrleggarmelding og utsleppsløyve
Godkjent røyrleggarmelding eller utsleppsløyve skal sendast inn saman med byggesøknaden.
Meir om røyrleggarmelding
Meir om utsleppsløyve (privat vatn og avløp)
Eventuell annan dokumentasjon
Noen reguleringsplanar stiller krav til ekstra dokumentasjon.
5. Varsle naboene og gjenbuerar
Når du har samla alle dokumenta du treng i byggjesøknaden din, må du varsla naboar og gjenbuarar. Du treng ikkje varsla om du skal gjera mindre arbeider som ikkje påverkar dei. Etter at varsla er sende, skal naboane få minst 14 dagar til å uttala seg om tiltaket. Naboane skal senda utsegnene sine (merknader) til deg.
Når du har samla alle dokument du treng i byggesøknaden din, må du varsla naboar. Bestill naboliste på postmottak@vindafjord.kommune.no.
6. Send ut nabovarsel ut frå mottatt naboliste
Du kan gjera dette manuelt eller digitalt.
. Send inn søknad
Fyll ut alle felt i søknadsskjemaet. Sørg for at du legg ved alle dokument og vedlegg som kan vera relevant for byggesøknaden din.
Digitale tenester for byggesøknad (privat person)
Dersom du ikkje ønsker å senda søknaden digitalt, send søknadsskjema til postmottak@vindafjord.kommune.no
Vedlegg
- Teikningar som er fagmessig utført
- Situasjonskart
- Gjennomføringsplan
- Du treng ikkje legga ved:
- Samsvarserklæringar og kontrollerklæringar
- Avfallsplan
Kva kostar det?
Sjå Vindafjord kommune si gebyrliste.
Kva tid får eg svar på søknaden?
Behandlingstid på byggesaker utan dispensasjon er vanlegvis 3 veker. For byggesaker med dispensasjon er behandlingstida 12 veker. Uttalefrist på 4 veker kjem i tillegg.