Vigsel

  • Me gjennomfører vigsel på rådhuset i Vindafjord.
  • Frå 1. januar 2018 blei ansvaret for borgarleg vigsel overført frå tingretten til kommunen.

Tidspunkt for vigsel

Vindafjord kommune gjennomfører vigslar måndag til fredag mellom klokka 10.00 og 15.00.

Ordførar og varaordførar har fullmakt til å gjennomføra vigslar, i tillegg også kommunedirektør og kommunalsjef for personal og organisasjon.

Vigselsermonien går føre seg i kommunestyresalen på rådhuset der ein lagar til eit enkelt oppsett med eit bord der vigslar, brudepar og vitner står, samt ordnar med stolar til gjester. Det blir pynta med lys og blomar. 

Vindafjord kommune gir tilbod om anna vigselslokale enn kommunestyresal etter særskild avtale med vigslar. Det er ein føresetnad at plassen er universelt utforma og ikkje fører til auka kostnadar for kommunen.

Pris

  • Vigsel i kontortida 0 kroner.
  • Vigsel utanfor kommunestyresalen 1.000 kroner

Kontakt

For å avtala borgarleg vigsel, ta kontakt med Vindafjord kommune på e-post eller telefon 53 65 65 65. Det er servicetorget i kommunen som koordinerer vigselen.

Erklæring og attestar

Før vigselen må brudeparet sørga for at eigenerklæringar, forlovarerklæringar og attestar er sendt til folkeregisteret som skal stadfesta at vilkåra for å inngå ekteskap er oppfylt. Folkeregisteret vil deretter utsteda ein prøvingsattest som er gyldig i fire månader. Denne må sendast til politisk sekretariat i Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen eller leverast på rådhuset i Ølen seinast to veker før vigselen.

Alle spørsmål knytta til prøvingsattesten må rettast til Folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor. 

Skjema og rettleiing til borgarleg vigsel

Vigselsattest

Endeleg vigselsattest vil bli ettersendt av Folkeregisteret.

Kontaktinformasjon

Servicetorget
E-post
Telefon +47 53 65 65 65

Besøksadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Opningstid
Måndag til fredag frå kl. 08.00 - 15.30