Offentlege innkjøp

Her finn du mellom anna oversikt over anbod, kommunen sin innkjøpsstrategi og retteleiar til korleis du sender faktura på elektronisk handelsformat, EHF.

Innkjøp

Vindafjord kommune inngår anbod og avtalar om bygg, anlegg, varer og tenester etter gjeldande lovverk.

Oversikt og søk etter anbod finn du på Mercell.

Innkjøpsstrategi

Innkjøpstrategi for Vindafjord kommune

Bruk elektronisk faktura

Vindafjord kommune ønsker at alle leverandørar skal senda faktura på elektronisk handelsformat (EHF).
Dette gir ei rekke fordelar for begge partar:

  • Raskare betaling. Postgang og manuelle rutinar forsvinn, noko som vil redusera risikoen for betaling etter forfall.
  • Innsparingar i form av papir, porto og automatiske rutinar.
  • Risiko for feil blir betydeleg redusert, som feiltasting og/eller tolking ved skanning.
  • Betre for miljøet. 

Dersom EHF ikkje kan brukast, skal faktura sendast til okonomi@vindafjord.kommune.no.

Rettleiar for EHF

Difi har laga ein rettleiar for fagleg og teknisk personell hos brukarar som ønsker å senda og motta elektronisk faktura og kredittnota.

Rettleiar for Elektronisk Handelsformat - EHF