Kommunalsjef organisasjon

Kommunalsjef  organisasjon Ingebjørg Rullestad Gjerde har ansvar for løn, personal og organisasjon, i tillegg til eit overordna ansvar for avdelingane kommunikasjon og service og IKT (interkommunalt). 

Ingebjørg Rullestad Gjerde

 

Jarle Lunde

Kommunalsjefen har ansvar for

Kommunalsjef er ein del av kommunedirektøren si strategiske leiargruppe, som saman har eit hovudansvar i forhold til politiske og administrative avgjerder og følga opp resultatkrava i organisasjonen. Det blir vektlagt god utvikling av kommunen sine tenester, arbeidsgjevarpolitikk og samfunnsrolle.

Kommunalsjefen har det overordna fag- og økonomiansvar for heile rammeområdet, og har ansvar for at tenestene blir drive i samsvar med dei overordna måla som blir sett.

Kommunalsjefen har ansvar for

  • Strategisk leiing i kommunen
  • Overordna leiing av støtte og stab i ansvarsområdet
  • Overordna økonomistyring i ansvarsområdet
  • Tariff og forhandlingar, HMS og arbeidsrett
  • Stedfortredar for kommunedirektøren
  • Med meir

Personalavdelinga

Personalavdelinga har overordna ansvar for alt innanfor området løn, personal og organisasjon. Dette inkluderer blant anna:

  • Tariff, lokale lønsforhandlingar og all utbetaling av løn
  • HMS, arbeidsmiljø og inkluderande arbeidsliv
  • Lærlingordninga
  • Tillitsvalde og vernetenesta
  • Nærværsarbeid, sjukepengar og refusjonar frå NAV
  • Personalsaker og konfliktløysing
  • Tilsettings- og oppseiingsarbeid
  • Leiarutvikling, rettleiing og støtte til leiarane
  • Organisasjonsutvikling
  • Diverse innanfor arbeidsrett
  • Pensjon
  • Avdelinga saksbehandlar fast til Arbeidsmiljøutvalet (AMU) og Administrasjonsutvalet (ADMU) i tillegg til at kommunalsjefen representerer kommunedirektøren i Ungdomsrådet

Det er totalt fem årsverk på løn og personal, inkludert kommunalsjef personal og organisasjon.

Kommunikasjon og service

Avdelinga kommunikasjon og service inkluderer drift av servicetorg og arkiv, samt merkantile tenester for barnevern, PPT og tilrettelagde tenester. Servicetorget er blant anna ansvarleg for: 

  • Å vera kontaktpunkt for innbyggarane via sentralbord og skranke
  • Halda ved like og utvikla nettsider, søknadssenter og Vindafjord kommune på Facebook
  • Samordning av informasjon og kommunikasjon til befolkninga, inkludert i kriseleiing
  • Arkivfagleg kompetanse og utvikling, inkludert drift av saks- og arkivsystem
  • Diverse kring informasjonstryggleik og personvern
  • Skjenkeløyve og alkoholpolitiske retningslinjer
  • Politisk teneste, inkludert møtesekretærfunksjon
  • Å vera kontaktpunkt for tilsette internt i kommunen for diverse fellestenester som for eksempel leasingbilar
  • Ansvarleg for merkantile tenester innanfor arkiv, økonomi og personal for tre einingar i Familiens Hus
  • Å vera kontaktpunkt for det interkommunale personvernombodet

Det er totalt 8,4 årsverk på service- og fellestenester.

IKT

IKT-avdelinga er eit interkommunalt samarbeid mellom Etne og Vindafjord kommunar (EVIKT). EVIKT blei oppretta i 2015, og Etne kommune er vertskommune med arbeidsgivaransvar. Eininga har ansvar for:

  • Teknisk drift av alle Etne og Vindafjord kommunar sine IKT-system
  • Utvikling av IKT-system og overordna samordning
  • Diverse kring informasjonstryggleik
  • Support til alle tilsette i kommunane
  • Innkjøp og handtering av IKT-utstyr
  • Eitt av årsverka i EVIKT er tilsett som digitaliseringsrådgjevar

Det er totalt sju årsverk på EVIKT.

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Hilde Hellenes
Hilde Hellenes
Leiar
Kommunikasjon og service
E-post
Mobil 91 62 69 48
Tord Askvig
Leiar
IKT-avd
Vindafjord Kommune
E-post
Telefon 53 65 65 90
Mobil 91 81 07 89