Kommunalsjef for økonomi

Kommunalsjef Vegard Bang har det overordna ansvaret for kommunen si budsjett- og økonomistyring.

Vegard Bang

Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Kommunalsjefen har ansvar for

Kommunalsjef er ein del av kommunedirektørens strategiske leiargruppe som saman har eit hovudansvar i høve til politiske og administrative avgjerder og følgje opp resultatkrava i organisasjonen. Det blir vektlagt god utvikling av kommunen sine tenester, arbeidsgjevarpolitikk og samfunnsrolle.

Kommunalsjefen har det overordna fag- og økonomiansvar for heile rammeområde, og har ansvar for at tenestene vert drive i samsvar med dei overordna måla som vert sett.

Kommunalsjefen har ansvar for

  • strategisk leiing i kommunedirektøren si leiargruppe
  • overordna fagleg leiing og leiing av stabsavdelinga Økonomi
  • overordna budsjett- og økonomistyring i kommunen
  • støtte og rådgjeving i høve til dei andre rammeområda

Økonomi-avdelinga

Avdelinga har det overordna faglege ansvaret for budsjettering, økonomioppfølging, rekneskap, innkjøp og finansforvaltning i Vindafjord kommune. Avdelinga er ein støttefunksjon for organisasjonen i den daglege økonomistyringa. Avdelinga har ansvar for:

  • månadsrapportar, tertialrapportar og årsrekneskapen til kommunen, og å hjelpa organisasjonen med budsjettoppfølging og løypande økonomistyring.
  • handsaming alle inngåande og utgåande faktura til kommunen, og innkrevjing av kommunale krav.
  • inngåing og drift av rammeavtalar og støtte for resultateiningane ved gjennomføring av anbodsprosessar. Vindafjord kommune er ein del av innkjøpssamarbeidet på Haugalandet som omfattar 10 kommunar.
  • forvaltning av kommunen si gjeld og finansielle aktiva
  • handsaming av søknadar om redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO.
  • tilskot til private barnehagar
  • rekneskapen til kyrkjeleg fellesråd, sokna i kommunen og det Interkommunale hjorteviltutvalet på Haugalandet

Kontaktinformasjon

Vegard Bang
Kommunalsjef for økonomi
E-post
Mobil 915 48 885