Tilskot til tiltak i beiteområde

Tilskot til tiltak i beiteområde skal legga til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusera tap av dyr på utmarksbeite og fremja fellestiltak i beiteområda. Registrerte beitelag kan søka.

Tilskotet skal forvaltast etter forskrift om tilskot til tiltak i beiteområde, landbruksdirektoratet sitt rundskriv 2019-45 og lokale retningslinjer. Tiltak det kan søkast tilskot til er til dømes:

  • sperregjerde
  • sanke-/skiljeanlegg
  • bruer
  • ferister
  • gjetar- og sankehytte
  • anlegg/rydding/utbetring av driftevegar
  • saltsteinautomatar
  • transportrammer
  • teknologi og elektroniske anordningar som radiobjøllar, lammenoder, merkeavlesar, findmysheep, droner, Nofence mv.

I tillegg kan det søkast om tilskot til planleggings- og tilretteleggingsprosjekt. Lista er ikkje uttømmande.

Slik søker du

Du brukar søknadsskjema på Altinn. Du finn lenke og meir informasjon på lanbruksdirektoratet sine sider.

Meir om korleis du søker på lanbruksdirektoratet.no

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 15.mars.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Harald Olav Stuhaug
Rådgjevar landbruk
Areal og forvaltning
E-post
Mobil 992 36 114