Tilskot til drenering

Føremålet med ordninga er å auka kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord ved å gi tilskot til drenering av dårleg drenert jord med potensial for auka matproduksjon, samt å redusera faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag.

Eigar av, eller føretak som leiger tidlegare grøfta jordbruksjord og som drenerer dette arealet, kan søka om tilskot til drenering av jordbruksjord. For planerte areal kan du søka om tilskot til areal som ikkje tidlegare er grøfta.

Slik søker du

Meir om korleis du søker på landbruksdirektoratet.no

Søknadsfrist

Det er ingen fast søknadsfrist. Det må søkast før gjennomføring av omsøkt tiltak.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Harald Olav Stuhaug
Rådgjevar landbruk
Areal og forvaltning
E-post
Mobil 992 36 114