SMIL-midlar

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) skal motivera aktive bønder til frivillig innsats for å ta vare på kulturlandskapet og biologisk mangfald, samt hindra ureining. 

Formålet med SMIL-midlane er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet til jordbruket, og redusera forureininga frå jordbruket, utover det som er forventa gjennom vanleg jordbruksdrift.

SMIL-ordninga er fastsett i forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Slik søker du

Meir om korleis du søker på landbruksdirektoratet.no

Ta gjerne kontakt med landbrukskontoret først, for å avklara mogleheiter eller om du treng hjelp til noko.

Søknadsfrist

Det er ingen fast søknadsfrist. Det må søkast før gjennomføring av omsøkt tiltak. 

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
E-post
Mobil 97 54 01 80