Produksjonstilskot

Jordbruksføretak som driv med husdyr- og/eller planteproduksjon, kan søka produksjons- og avløysartilskot.

Føretaket må oppfylla visse vilkår for å vera berettiga tilskot, føretaket må blant anna vera registrert i enhetsregisteret og driva vanleg jordbruksproduksjon.

Slik søker du

Meir om korleis du søker på landbruksdirektoratet.no

Kommunen mottek og behandlar søknadane, og tilbyr også rettleiing til søkarar.

Søknadsfristar

Det er to søknadsfristar i året. 

15. mars (teljedato er 1. mars): Søknad for husdyrprodusentar. (teljedato er 1. mars)
15. oktober (teljedato er 1. oktober)Søknad for husdyr- og planteprodusentar.

Føretaka kan endra opplysningane i søknaden innanfor 14 dagar etter søknadsfristen.

Etterregistrering

Enkelte opplysninger kan etterregistrerast. Frist for etterregistrering er 10. januar.

  • Avløysarutgifter for perioden 15. oktober til 31. desember.
  • Dyr på beite. 
  • Livdyr av gris, kylling og kalkun som er selde mellom 15. oktober og 31. desember.
  • Tal rugeegg levert til rugeri i søknadsåret.
  • Frukt, bær, veksthusgrønnsakar, samt poteter produsert i Nord-Norge, som er selde mellom 15. oktober og 31. desember, og som du søker om distriktstilskot for.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Sissel Lilleland
Seniorrådgjevar
Areal og forvaltning
E-post
Telefon 53 65 61 30
Anne Karin Langeland
Landbrukskonsulent
Areal og forvaltning
E-post
Telefon 53 65 61 38