Vernskog

Mellom den produktive skogen og snaufjellet ligg eit belte med skog som blir kalla vernskog.

Dette vernskogbeltet vernar den produktive skogen nedanfor, til dømes mot kald luft som kjem ned frå fjellet og som kan skapa problem med å få opp ny forynging lågare nede.

Det er særskilte reglar for korleis ein kan hogga i vernskogbeltet for å unngå at det blir opna for mykje opp.

Reglane for Vindafjord finn du her

I Vikebygd, Bjoa og Ølen er vernskoggrensa sett med varierande høgd over havet og kartfesta.

I Skjold, Vats og Sandeid er det ei generell grense på 350 m.o.h., mens i Vikedal og Imsland er grensa 400 m.o.h.

Gjer tømmerkjøpar merksam på dette om du planlegg hogst nær vernskogbeltet.

Les meir om vernskogen i Rogaland hos Statsforvaltaren