Skogen i Vindafjord

Vindafjord til den nest største skogkommunen i Rogaland når det gjeld areal.

  • Vindafjord kommune har 214.037 dekar produktivt skogareal (35,7 prosent av landarealet).
  • Av den produktive skogen har 187.004 dekar særs høg eller høg bonitet
  • I 2016 vart det gjennomført taksering av 169.278 dekar produktivt skogareal i kommunen.
  • Over 200 skogbruksplanar er utarbeidd for nesten 90.000 dekar produktiv skog.

Skogbruksplanen gir skogeigaren ein oversikt over ressursane i gardsskogen og gir råd om korleis ressursane kan forvaltast på ein økonomisk og skogfagleg god måte.

Hovudtal frå taksten 2016

  • Taksert produktivt skogareal: 169.278 dekar
  • Ståande volum: 2,67 millionar kubikkmeter
  • Tilvekst: 88.700 kubikkmeter
  • Gjennomsnittleg tilvekst per dekar: 0,5 kubikkmeter
  • Registrerte nøkkelbiotopar utgjer 0,4 prosent av arealet.

Rom for produksjonsauke

Kulturskogen av gran og sitkagran dekker 22,7 prosent av det produktive skogarealet, men står for 38,5 prosent av det ståande volumet. 72 prosent av granarealet har bonitet G20 eller betre.

På 37,6 prosent av det produktive skogarealet står furu og litt lerk for 38,5 prosent av volumet. 95 prosent av furuskogen veks på bonitet F14 eller lågare.

Lauvskogen dekker 38,7 prosent av arealet og utgjer 22,9 prosent av volumet. Nær 90 prosent av lauvskogen står på bonitet B11 eller B14.

Tala syner at det framleis er rom for produksjonsauke ved treslagsskifte på dei høgaste bonitetane av  furu- og lauvareala.

Aktivitet i skogbruket

  • I 2020 er det innmeldt i virkesdatabasen (VSOP) avverking av 17.695 kubikkmeter sagtømmer og massevirke til ein verdi av 5,9 millionar kroner.
  • Av dette var 16.487 kubikkmeter (93 prosent) gran, 1.134 kubikkmeter (6,4 prosent) furu og 74 kubikkmeter (0,6 prosent) lauv. Det blei også innmeldt 10,15 kubikkmeter vedvirke og energivirke til flis, samt sal av 4.695 juletre.
  • Gjennom året blei det planta etter hogst på 336 dekar.
  • I tillegg vart det supplert på 153 dekar.
  • Det blei utført ungskogpleie på 28 dekar.

Bonitet

Bonitet blir brukt i skogbruket som eit uttrykk for marka sin evne til å produsera trevirke. H40-systemet blir brukt i Noreg for å beskriva skogen sin bonitet.

Boniteten blir oppgitt med ein bokstav (G, F, B) som viser treslaget (gran, furu, lauv), og eit tal som viser treet si overhøgde på voksestaden ved 40-års brysthøgdealder (alder når treet har nådd 1,3 meter). Jo høgare tal, jo høgare er marka sin produksjonsevne på staden.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Gitte P Halvorsen
Gitte P Halvorsen
Seniorrådgjevar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 47 69 89 66
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80
Mobil 97 54 01 80