Søknadar om dispensasjon for ferdsel i utmark

Ved behov for motorisert ferdsel i utmark, av grunnar som ikkje er direkte heimla i lovverket, må du ha dispensasjon frå kommunen.

Motorfartøy eller luftfartøy

Ved særlege grunnar kan kommunen gje løyve for

  • bestemte høve
  • bestemte tidsrom

Kommunen kan setta vilkår for løyvet.

Ved vurdering av om særlege grunnar ligg føre, vil det ha betydning om motorferdselen er nødvendig og har eit nytteformål, eller ber preg av unødvendig køyring eller for å ha det moro.

I Vindafjord blir slike søknadar behandla av Eining areal og forvaltning. Søknad skal sendast til landbruk@vindafjord.kommune.no

Motorkøyretøy på barmark

I unntakstilfelle kan kommunen gi løyve

  • ved særlege behov
  • når køyringa ikkje er knytt til turkøyring
  • når transport ikkje kan løysast på annan måte

Transportbehovet skal vurderast mot moglege skadar og ulemper i forhold til å redusera motorferdselen til eit minimum.

Slike søknadar skal handsamast politisk. I Vindafjord blir søknadane behandla av Utval for drift, utvikling og kultur (DUK). Søknadar skal sendast til postmottak@vindafjord.kommune.no, og må leverast i god tid.

Møteplanen til DUK finn du her.

Hovudregelen

Hovudregelen i Noreg er at motorisert ferdsel i utmark og vassdrag er forbode. Dette gjeld både på barmark og på snødekt mark, og på både opne og islagte elver og vatn.

Også elektriske køyretøy er omfatta av forbodet. Desse støyar mindre, men kan likevel føra til skadar og ulempe for natur og friluftsliv.

Unntak

Unntak er enkelte elektriske syklar og bruk av båt med elektrisk motor på vatn mindre enn 2 kvadratkilometer 

Elektriske syklar: Med elektriske syklar meinar ein syklar som er utstyrt med elektrisk hjelpemotor med maksimal nominell effekt på høgst 0,25 kW, og der effekten blir redusert gradvis ved aukande fart og opphøyrer ved 25 kilometer i timen eller tidligare om syklisten sluttar å trø. Sykkelen kan ved motorkraft aleine nå ein maksimal fart på 6 kilometer i timen.

Kommunen kan i forskrift begrensa eller forby bruk av elektriske syklar i heile eller deler av utmarka.

Elektrisk motor på vatn: Kommunen kan gi forskrift eller fatta enkeltvedtak om adgang til bruk av motorfartøy med elektrisk motor med inngangseffekt opptil 800 watt på innsjøar mindre enn 2 kvadratkilometer.

Ved vurderinga av om det skal opnast for slik ferdsel, skal det leggast vekt på omsynet til vatnet som levestad for viltartar og fuglar, og særskilt vekt på omsynet til hekkeområde. Det kan ikkje gjevast adgang til motorferdsel som inneber vesentleg skade på fugleliv.

Reglar for heile landet

Motorferdsel i utmark kan ha stor nytteverdi, men kan samtidig gi skade på terreng, forstyrra fugle- og dyreliv, og føra til konflikt med folk som utøver friluftsliv.

For å minimera ulemper frå motorisert ferdsel i skog og fjell, er det eit regelverk som regulerer motorferdsel i utmark og vassdrag:

Regulering av motorferdsel i utmark

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Gaute Widerøe Hennig
Gaute Widerøe Hennig
Rådgiver
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 47 78 10 84
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80
Mobil 97 54 01 80