Har du sett denne planta?

Kjempespringfrø er ei forvilla hageplante som spreiar seg fort og fortrengjer annan vegetasjon. Den er difor vurdert til svært høg risiko (SE).

Planta er 70-150 cm høg med raudrosa/kvite blomar. Den trivast godt i fuktig og næringsrik skog, våt eng, flaummark, vasskantar, grøfter og vegkantar. Kjempespringfrø har ingen opplagde forvekslingsartar.

Les gjerne meir om planta hjå Artsdatabanken 

Om du ser planta, ber vi deg om å:

  • Sende bilete av planta og melde frå om stad til postmottak@vindafjord.kommune.no
  • Registrere observasjonen på artsobservasjoner.no dersom du har høve til det

 

Om du har planta på eigen eigedom, kan du dra opp planta med rota og kaste som restavfall.

 

Kjempespringfrø Vendel-Agathe Skartland-Hide Kjempespringfrø Vendel-Agathe Skartland-Hide