Miljøsertifiseringar

Miljøfyrtårn

er ei miljøsertifiseringsordning som er berekna på verksemder i offentleg og privat sektor.

Vindafjord kommune er ein Miljøfyrtårn-kommune.

Verksemda må innfri generelle krav og spesielle bransjekrav innanfor avfall, energi, transport, innkjøp, og arbeidsmiljø for å få Miljøfyrtårn-sertifikatet. Miljøsertifiseringen skal hjelpa verksemder til å driva miljøvenleg og lønsamt.

Du kan lesa meir om Miljøfyrtårn her

Rådhuset i Ølen vart miljøtårnsertifisert 5. september 2014. Teknisk bygg i Sandeid har vore miljøfyrtårn sidan 2015.

Grønt Flagg

Grønt flagg er en internasjonal miljøsertifiseringsordning som retter seg mot barnehagar og skular.

Formålet med Grønt Flagg er å sikra berekraftig utvikling gjennom undervisning. 

Du kan lesa mer om Grønt Flagg her

Fairtrade

Fairtrade er verdas største og mest kjende merkeordning for rettferdig handel. Fairtrade-merking er eit konkret og pålite­leg verktøy for importørar og forbrukarar som ønskjer å gjera sitt for meir rettferdig handel og utvikling i fattige land. I bu­tikkar finn du ulike Fairtrade-merka produkt.

I denne brosjyra ser du kva du finn i Vindafjord (PDF, 2 MB).

Kvifor Fairtrade?

Fairtrade godkjenner varer og leverandørar etter standardar. Desse sikrar betre arbeids- og handelsvilkår for bønder og arbeidarar. Dermed kan dei investera i produksjon, lokalsam­funn og i ei bærekraftig framtid.

Vindafjord som Fairtrade-kommune

Ut frå vedtak i kommunestyret, vart Vindafjord godkjend av Fairtrade Norge i mai 2014. Arbeidet vert førebels leia av ei styringsgruppe med sekretær frå administrasjonen og to politiske representantar. Som Fairtrade-kommune pliktar Vin­dafjord å

  • bruka Fairtrade-kaffi og te på Rådhuset, gjerne også på andre stadar.
  • driva aktivt informasjonsarbeid.
  • undervisa om Fairtrade i skular og barnehagar.

Kontakt

Har du bruk for meir informasjon, eller har du spørsmål?

Kontakt Gunnbjørg Nesbu på e-post servicetorget@vindafjord.kommune.no eller telefon 53 65 65 65.

 

Du kan lesa meir om Fairtrade her