Biogass

Biogass frå husdyrgjødsel – frå mål til handling

Korleis skal me koma vidare mot målet om 30 prosent av husdyrgjødsla gjennom biogassanlegg?

I ein fersk rapport har representantar frå Landbruksdirektoratet, Norges Bondelag, Norsk Bonde og Småbrukarlag, ENOVA, Innovasjon Norge og Miljødirektoratet gitt sine tilrådingar.

Aktuelle tiltak

Arbeidsgruppa rår til følgjande:

  • Klimanytte som eitt av kriteria ved investeringstilskot frå Enova
  • Auka maksimal sats for investeringsstøtte frå Innovasjon Norge (IN) til 50 %
  • Tilskot til bioøkonomisprosjekt (IN)
  • Betre innretning av tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg
  • Biogass og biorest eit prioritert område innan tilskotsordningar knyta til kunnskap og informasjon

Meir om arbeidet og rapporten finn du her.

Rogaland biogassnettverk

– Gi gass, Rogaland! I kampen for klimaet må me ta i bruk alle bærekraftige løysingar, og biogass kan vera spesielt godt egna for Rogaland. Det sa fylkesordfører Marianne Chesak under under den digitale opninga av Rogaland biogassnettverk 19. februar 2012.

Meir om biogassnettverket finn du her.