Tiltak i kulturlandskapet
Inngrep i kulturlandskapet krev ofte løyve frå eit lovverk, og du bør derfor kontakta kommunen før du går i gang med eit planlagt tiltak.
Eksempel på tiltak du må søka om (ikkje utfyllande)
- Nydyrking
- Drifts- og skogsvegar
- Tilplanting av dyrka jord og juletre
- Lukking av open grøft
- Etablering av ridebane
- Fjerning av åkerholmar
- Fjerning av steinrøyser og steingarder
- Fjerning av åkerkantar
- Fjerning av stein fra kulturbeiter
- Mottak av masser og deponi
Tiltak som inneber vanleg stell av eigedomen er ikkje søknadspliktig. Eksempel på dette er grøfting eller fjerning av tre som veks innover jordet og er til hinder for drift av jordvegen.
Sist endra 27.03.2026 09.46