Gardskart på internett er ei teneste frå NIBIO med kart og arealtal for landbrukseigedom. Tenesta er tilrettelagt for landbruksforvaltinga, eigar og brukar av landbrukseigedom, men er open for alle.
Gardskart hentar informasjon om kva gards- og bruksnrummer som inngår i ein landbrukseigedom direkte frå Landbruksregisteret og eigedomsgrenser direkte frå Matrikkel (kommunane og Statens kartverk).
Markslagskart (AR5) kan hentas frå NIBIO sin base.
Du finn gardskart her
Arealtala i gardskart dannar grunnlag for arealtilskot i søknad om produksjonstilskot.
Meld frå til kommunen om endringar eller feil i kartet for din eigedom.
Tips til bruk av gardskart
- Oversikt over jordbruksareal på eigedomen og på leigd areal.
- Teikna inn arealplanar, til dømes nydyrking, grøfting, landbruksvegar med meir.
- Bruka som utgangspunkt for gjødselplanlegging.
- Merka av og måla areal og lengder av til dømes eit jordstykke eller ein veg.
- Finna kva som er registrert av til dømes fornminne på eigedomen.
- Sjå på eldre flybilder.
Sist endra 14.08.2023 05.25