Dyrevelferd

Alle dyreeigarar må ha eit bevisst forhold til dyrevelferd.

Retningslinjer og plikter ved dyrehald

Lov om dyrevelferd (dyrevelferdslova) gir retningslinjer for kva for plikter som krevst for å eiga og stella med alle typar dyr.

Det skal ikkje brukast piggtråd i gjerde for å regulera dyrs ferdsel. Dette er heimla i dyrevelferdsloven § 15.

Mattilsynet

Det er dyreeigar sitt ansvar at dyra har det bra, men Mattilsynet skal sjå til at dyreeigarar gjer jobben sin. Dersom dyreeigar bryt lova og ikkje handterer dyra på ein god nok måte, har Mattilsynet rett og plikt til å gripa inn. Mattilsynet kan ta dyr i forvaring, omplassera dei eller avliva om nødvendig.

Du kan varsla Mattilsynet dersom du veit om dyr som lid.

Meir om dyrevelferd på mattilsynet.no