Jegerprøven

Om du skal gå på jakt, må du ha kunnskap om jaktbare artar, skytevåpen, fangstreiskap, human jakt og regelverk. Nye jegerar må difor ta jegerprøven.

Jegerprøven består av eit obligatorisk jegerprøvekurs med ein teoretisk og ein praktisk del, samt eksamen. Du kan avlegga jegerprøveeksamen frå det året du fyller 14 år.

Vindafjord Jakt og Fiskelag har ansvaret for jegerprøvekura i vår kommune. Kuset blir som regel gjennomført i mars-april. 

Jegerprøvekurset blir annonsert i god tid på Vindafjord JFL si nettside og på Facebook.

Kontaktperson og jegerprøveinstruktør er Tore Skogen,

mobil: 91 55 83 30, e-post: tore.skogen@emerson.com

Elektronisk eksamen

Jegerprøveeksamen blir gjennomført elektronisk. Du må melda deg opp til eksamen på Min side på jegerproveeksamen.no. Der er det også betalingsløysing for eksamensgebyret på 330 kroner. Dette gjeld for eitt eksamensforsøk.

Om du ikkje består, er det mogeleg å ta eksamen om igjen. Då må du melda deg opp på nytt.

Meir om jegerprøven

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Gitte P. Halvorsen
Seniorrådgjevar skog og vilt
Areal og forvaltning
E-post
Telefon 53 65 61 29
Erle Mæland Aasheim
Einingsleiar
Areal og forvaltning
E-post
Mobil 907 77 655