Skrantesjuke (CWD) - 2022

Sidan skrantesjuke (CWD) vart oppdaga i Noreg har det vore gjennomført ei omfattande testing av hjortevilt. Mellom anna har det vore tatt prøvar av fallvilt.

Vindafjord kommune er ikkje trekt ut til å ta CWD-prøvar på hjort under jakta 2022.

Det skal likevel takast skrantesjukeprøver frå alt hjortevilt som er 2 år og eldre og som skal leverast til eit viltbehandlingsanlegg. Dette gjeld alle kommunar i Noreg. Hovudet på slaktet skal følge med inn til anlegget dersom ein kompetent jeger ikkje har undersøkt og tatt prøve av slaktet på førehand.

Meir informasjon om skrantesjuke, prøvetaking og innsending:
https://www.hjortevilt.no/skrantesjuke/kartleggingsprogrammet-for-skrantesjuke/