Sett hjort

Jegerane sine observasjonar er eit av dei viktigaste bidraga til kartlegging av hjortebestanden si utvikling og forvaltning av hjortevilt.

Målretta hjorteviltforvaltning krev årleg innsamling av informasjon om bestandstettleik og bestandsstruktur i kombinasjon med effektiv hausting

Innsamling og systematisering av jegerobservasjoner skjer på Hjorteviltregisteret.no, eller på appen Sett og skutt.

Det er og mogleg å sende papirskjema med sett hjort-data til kommunen.

Sett hjort-skjema (PDF, 162 kB)

Kommunen oppmodar om å nytte sett hjort-skjemaet aktivt i hjortejakta, slik at datagrunnlaget for ei god forvaltning for framtida vert enno betre. Fyll ut sette og felte dyr kvar gong du har vore ute på jakt – også når du ikkje har observert dyr. Hugs og tal jegerar og tal timar de har jakta.

Sett og skutt

Sett hjort-data og slaktevekter kan registrerast digitalt på appen Sett og skutt. Denne løysinga er tilpassa både PC, nettbrett og smarttelefon.

Data må godkjennast i hjorteviltregisteret før dei vert tilgjengelege i statistikken. Valdleiar kan få tilgong til godkjenning av registrerte data i hjorteviltregisteret.

Det er framleis mogleg å nytte papirskjema. Slaktevektdata må då førast på tilleggsskjema.

Slaktevektkskjema hjort (PDF, 129 kB)

Digitalt registrerte data vert tilgjengelege på hjorteviltregisteret.no så snart dei er godkjende av valdleiar eller kommunen. Data frå papirskjema blir lagt inn i registeret i løpet av våren året etter jakta.

I hjorteviltregisteret finn du Sett hjort- data og slaktevekter frå 2008.

Nyttige lenker

Hjorteviltportalen

Miljødirektoratet, rapportering av felling og fangst

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Gitte P Halvorsen
Gitte P Halvorsen
Seniorrådgjevar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 47 69 89 66
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80
Mobil 97 54 01 80