Kvotefri jakt på hjortekalv hausten 2023

Kommunen sin søknad om å få tildele kvotefri jakt på hjortekalv hausten 2023 er godkjent av Miljødirektoratet.

 

Johan Trygve Solheim, Norsk hjortesenter

Kommunen har fått dispensasjon frå Miljødirektoratet til å tildele kvotefri jakt på hjortekalv for jakta 2023.
Kommunen har tildelt løyve til kvotefri jakt på hjortekalv under jakta hausten 2023 til alle hjortevald i kommunen.

Informasjon frå Miljødirektoratet om ordninga 

Kort om ordninga:

  • Kvart vald har fått tildelt fellingsløyve for hjort som normalt i juni. Tildelinga av kvotefri jakt på hjortekalv kjem i tillegg til desse fellingsløyva.
  • Kvotefri jakt på kalv skal skje innanfor godkjente vald og i tråd med reglar for utøving av jakt.
  • Retten til å felle eit fritt tal hjortekalvar gjeld alle jaktrettshavarar i valdet. Den enkelte grunneigar må likevel og samtykke til at kvotefri jakt på hjortekalv kan utøvast på sin eigedom. For sameige gjeld vanlege reglar etter sameigelova.
  • Jaktleiar/jeger/jaktrettshavar er ansvarleg for at alle felte kalvar, uavhengig av kvote eller ikkje, vert rapportert i Hjorteviltregisteret, eller i appen Sett og Skutt. Kalvar felt kvotefritt skal meldast til valdleiar for innsending av fellingsrapport.
  • Valdleiar har ansvar for innsending av fellingsrapport. Alle felte dyr, også kalvar felt kvotefritt, skal med i fellingsrapporten. Rapporten kan sendast kommunen eller registrerast elektronisk i Hjorteviltregisteret.

Sjå Miljødirektoratet sitt informasjonsbrev og vedtak for fleire detaljar: