Forvaltingsmål for hjort

Vindafjord kommune vedtok 10. januar 2019 vidareføring av følgande overordna mål som forvaltningmål for hjort i Vindafjord:

  • Bestandane av hjort skal stabiliserast innanfor eit nivå som til einkvar tid blir vurdert som berekraftig av kommunen, både i høve til bestandens kvalitet og i høve til verksemda i andre samfunnssektorar.
  • Hjortebestandane skal ha ein biologisk forsvarleg kjønns- og aldersstruktur og oppretthalda sin genetiske variasjon.
  • Hjortebestandane skal ikkje representere ein trussel mot anna biologisk mangfald.
  • Hjortebestandane skal gi mest mogeleg stabil avkasting som grunnlag for ei sunn økonomisk og rekreasjonsmessig utnytting.
  • Regionen har som overordna mål at ein ønsker større dyr i framtida (auka kroppsvekt/ slaktevekt).
  • Regionen har også som mål å redusera skadeomfanget knytt til skog og jord og ha færre trafikkdrepne hjort.

Kommunen slutta seg i 2014 til måla i Hjorteviltplan for Det interkommunale Hjorteviltutvalet 2013-2015, vedtatt av Det interkommunale hjorteviltutvalet i 2013.

Etter oppdrag frå Hjorteviltutvalet har Norsk Hjortesenter i 2018 gjort ei evaluering i forhold til måloppnåing av fire utvalde delmål frå planen:

  • Auka gjennomsnittsalderen til dei vaksne dyra i bestanden
  • Forbetra kjønnsbalansen i bestanden
  • Auka slaktevekt på kalvar og ungdyr
  • Auka produktivitet i bestanden

Som bakgrunn for Norsk Hjortesenter si vurdering av bestandsutviklinga i forhold til desse utvalde måla, er det brukt nyaste tilgjengelege data. Mellom anna Sett hjort, fellingsstatistikk og statistikk over trafikkdrepne dyr.

Jaktuttak

Vurderingane, med råd om korleis bestanden i regionen bør forvaltast dei første 5 åra for å nå desse delmåla, er presenterte i dokumentet Forvaltningsmål for hjorten på Haugalandet 2018-2023 (PDF, 3 MB). Det blei vedtatt av Det interkommunale hjorteviltutvalet i 2018.

I følge måldokumentet bør det årlege jaktuttaket ha ei slik fordeling (pkt. 9:2):

  • Minimum 35 prosent kalv av samla uttak
  • Maksimum 15 prosent eldre hanndyr
  • Maksimum 15 prosent spissbukk
  • Minimum 35 prosent hodyr 1,5 år og eldre

Dokumentet rår til å halda avskytingsprofilen lik, og at meir lokale tilpassingar blir gjort gjennom totaluttaket.

Kommunen vedtok 10. januar 2019 å bruka dette dokumentet som styringsverktøy for forvaltinga av hjort i Vindafjord.
 

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Gitte P Halvorsen
Gitte P Halvorsen
Seniorrådgjevar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 47 69 89 66
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80
Mobil 97 54 01 80