Frå og med 1. april til og med 20. august er det bandtvang i Vindafjord. Kommunen følgjer hundelova.
I bandtvangperioden skal hundar haldast i band, forsvarleg inngjerding eller vera innestengt slik at dei ikkje kan jaga eller skada storfe, sau, geir, fjørkre, rein, hest eller vilt. Dette gjeld også for viltet sine egg, reir og bu.
Sikring av hundar
Når det ikkje er bandtvang, betyr det ikkje at ein kan la hunden gå laus utan tilsyn.
Ifølge hundelova kan hundar berre vera lause når dei
- blir følgd og kontrollert på aktsam måte, eller
- er forsvarleg inngjerda på ein stad som ikkje er open for allmenn ferdsel.
Viktig å hugsa på
- Den som held ein hund i band, skal vera i stand til å ha kontroll på hunden, om dei ikkje blir ledsaga av noko som har slik kontroll.
- Hundehaldaren skal påsjå at hunden ikke spring mot, hoppar på, føl etter eller stiller seg i vegen for folk som ikke godtar dette. Har ein hund dette for vane, skal den haldast i band på stadar som er åpne for allmenn ferdsel.
- Hundehaldaren skal visa særleg aktsemd der det er barn for å hindra kontakt mellom hund og barn som barnet, eller vaksen som følger barnet, ikke inviterer til. Dette er for å førebygga at barn blir skremt. Om nødvendig skal hunden settast i band eller haldast tett inntil hundehaldaren.
- Hundar skal alltid haldast under slikt tilsyn at dei så vidt mogeleg blir hindra i å driva eller forfølga vilt.
- Hundehaldaren skal ikkje gå frå ein bunden hund rett ved inngangen til ein bygning som er open for allmenta eller ved leikeplasser.
Heile hundelova kan du lesa her.
Sist endra 04.08.2022 10.09