Frivillige tiltak i landbruket

I 2023 vil prosjektet ha fokus på Vikedalsvassdraget. Målsettinga er at 70 prosent av dei som driv jordbruk langs vassdraget skal nytta seg av miljøtilskot.

Stripespreiing av gjødsel med traktor. - Klikk for stort bileteStripespeiing på nysådd eng. Jakob Eskeland

Kort om prosjektet

Prosjektet sitt hovudformål er å minimera avrenning til sårbare vassdrag og forhindra og gjenoppretta unødvendige inngrep i og langs vassdrag. Dette gjer ein ved hjelp av informasjon og kunnskapsformidling hos grunneigarar og drivarar.

Frivillige tiltak i landbruket er eit tverrkommunalt prosjekt med oppgåve å betra miljøet i vassdraga på Haugalandet ved å arbeida opp mot landbruket. Prosjektet arbeider med å informera om og setta fokus på ulike støtteordningar via Regionalt miljøprogram (RMP) hos Statsforvaltaren i Rogaland og Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) hos Vindafjord kommune.

Det blir også arbeida generelt med informasjon opp mot grunneigarar for å framsnakka tiltak som kan vera med å betra vassmiljøet. I tillegg hjelper prosjektet med søknadsprosessar, planlegging og utføring av tiltak som kan betra vassmiljøet.

Prosjektet har vore i gong på Haugalandet sidan 2019.

Miljøbesøk

I Vindafjord vil prosjektet fokusera på vassdrag med høg intensitet av jordbruk i nedbørfeltet. Til dømes Vikedalsvassdraget, Vatsvassdraget, Skjoldafjorden og Vestbøelva i Sandeid.

I 2023 vil ein ha hovudfokus på Vikedalsvassdraget.

Mange i Vikedal er allereie flinke til å bruka miljøvenlege metodar for gjødselspreiing. Prosjektet har ei målsetting om at 70 prosent av dei som driv jordbruk langs vassdraget skal nytta seg av tilskot for utvida gjødselfri randsone langs vassdrag og/eller stripespreiing og slangespreiing gjennom Regionalt miljøprogram (RMP).

Miljøbesøka tar sikte på å vera eit hyggeleg og uformelt møte med grunneigar, på grunneigar sine premiss. Tema rundt besøket er frivillige tiltak, tilskotsordningar og informasjon som skal vera med på å gjera vassmiljøet betre. Kaffikoppen er med på besøket, og ein satsar på at finvêret spelar på lag. Den enkelte grunneigar blir kontakta nærare for besøk.

Kvifor Vikedalsvassdraget

Vikedalsvassdraget er eit av dei største vassdraga i kommunen, og Vikedalselva er den største elva i Vindafjord kommune. Vassdraget er eit viktig leveområde for laks, aure og ål. I elva og sidebekkane lever og formerer fisken seg, og er oppvekstplass for småfisken før han reiser ut i havet. Bestandane av laks og aure har vore varierande opp gjennom åra, med mange ulike årsaker til dette.

I etterkrigstida har livet i elva blitt svært påverka av jordbruk. Dette er no ein god del betre enn det var på 1970-talet og fram til 2000-talet, mykje takka vere god innsats frå bøndene. Sjølve Vikedalselva har ein relativt god forureiningstilstand.

Mange bekkar små

Stima av sjøaure. - Klikk for stort bileteSmåbekkane er viktige gyteområde for sjøaure. NINA

Sidebekkane til Vikedalselva har ein mykje dårlegare tilstand enn hovudløpet. Det renn små bekkar gjennom svært mange av gardane i Vikedal; Nedre Hallingstad, Rundehaugen, Hallingstad, Træshaugen, Ørnes, Øvre Espevoll, Moland, Mo, Øvrabø og Solheim.

I tillegg er det Litleelva, Lysebekken og Skreddarbekken. I nesten alle desse bekkane er det framleis rom for utbetring der ein kan avgrensa avrenning av fosfor og nitrogen frå gjødsel til vassdraget.

Dei små bekkane er heilt avgjerande for at sjøaure og laks skal ha område å gyta i, og for at yngel og småfisk skal ha eit oppvekstområde. Utan dei små bekkane klarar ikkje bestanden av sjøaure og laks å overleva. Difor er desse svært sårbare for utslepp av gjødsel og silosaft, samt utsett for erosjon, tilslamming og finmassar i samband med jordbearbeiding og utrasing.

Avrenning

Langtids avrenning av fosfor i ferskvatn gjer at ulike vokstrar i bekk og elv får gode levevilkår, noko som igjen gjer det vanskeleg for fisk å formeira seg og veksa opp. Gyteplassar bør bestå av reint vatn med mest mogleg grus og stein som skjul og gyteplass, og helst med god vekst av buskar og tre langs vasskanten. Leveområda til fisken er pressa frå mange kantar, og me kan gjera noko for fisken gjennom å avgrensa avrenning, erosjon og endring av bekkeløp.

Punktutslepp frå jordbruket er også noko ein ønsker å unngå, då det kan vera direkte skadeleg for fisk og andre dyr med gjødsel og silosaft. Silosaft er svært sterkt og dødeleg for fisk i konsentrerte mengder.

Er du interessert i korleis forholda ligg til rette for fisk i Vikedalsvassdraget, kan du ta ein kikk på denne kartlegginga som blei utført i 2021. Her er dei fleste bekkane tekne med. Om du har eigedom som grensar til ein av desse, kan det vere interessant lesing.

Habitatkartlegginga i Vikedalselva, nettlenke

Legg til rette for frivillige tiltak

I Rogaland er avrenning frå jordbruk ei av kjeldene til at mange vassdrag ikkje har god nok tilstand, jamfør vassforskrifta. Dette gjeld særleg i dei sentrale jordbruksområda på Jæren og Haugalandet, noko som kjem tydeleg fram i Regional plan for vassregion Rogaland 2016-2021.

Planen prioriterer vassdrag, og peiker på at frivillige tiltak er viktige for å nå mål om betre vasstilstand. Frå 2022, er areal i Haugaland vassområde og Jæren vassområde definert som prioritert område for regionalt miljøtilskot.

Regionalt miljøprogram skal legga til rette for frivillige tiltak slik at påverknaden frå jordbruket blir redusert. Det er grovfôrproduksjon på 95 prosent av jordbruksarealet i Rogaland. Utfordringane her er i stor grad knytt til gjødsling og fosfortilstand i jord, opplyser Statsforvaltaren på sine nettsider.

Regionalt miljøtilskot i Rogaland, nettlenke

Regionalt miljøtilskot frå Regionalt miljøprogram, RMP, nettlenke

Dei mest aktuelle tilskotsordningane i Vindafjord

Tap av nitrogen til luft skjer både gjennom lagring og bruk av husdyrgjødsel. Gjennom å bruka spreieutstyr som anten legg gjødsla direkte på bakken kan tapa reduserast.

I tillegg vil vasstilsetting av gjødsla betra infiltrasjonen slik at faren for overflateavrenning blir mindre. I Rogaland er miljøvenleg gjødselspreiing eit viktig tiltak for å minska næringstap til vassdrag

Kantsone i eng

Gjødsel lagt ut med randsone til elv. - Klikk for stort bileteUgjødsla kantsone ved elv. Emilie Moi Eikje

Det blir gitt tilskot til å halda ugjødsla kantsone i eng langs vassdrag. Sona skal ligga på fulldyrka eller overflatedyrka areal og skal vere minst 4 meter brei. Breidda på den upløgde kantsona nærmast vassdraget skal vera minst 2 meter. Det er eit krav for produksjonstilskot. Søkarar må minimum ha 50 meter kantsone.

Førebels sats: 10 kroner per meter.

Ordningar for å minska utslepp til luft

Tap av nitrogen til luft skjer både gjennom lagring og bruk av husdyrgjødsel. Gjennom å bruka spreieutstyr som anten legg gjødsla direkte på bakken, eller skyt den ned i jorda, kan tapa reduserast. I tillegg vil vasstilsetting av gjødsla betra infiltrasjonen slik at faren for overflateavrenning blir mindre.

Om lag 85 prosent av fosforet som blir tilført jordbruksareala i Rogaland kjem frå husdyrgjødsel. I Rogaland er miljøvenleg gjødselspreiing også eit viktig tiltak for å minska næringstap til vassdrag.

Spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging

Det blir gitt tilskot til spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging. Den som søker tilskot skal ha årleg gjødslingsplan og skiftenoteringar som viser spreiedato og mengd gjødsel spreidd per dekar. All bruk av gjødsel skal koma fram av gjødslingsplanen.

Siste spreiedato på areal det er søkt tilskot til er 10. august. All bruk av husdyrgjødsel på areal det blir søkt tilskot til skal vere spreidd med miljøvenleg metode. Tilskotet blir gitt til fulldyrka og overflatedyrka areal som ligg i Rogland.

Førebels sats: 85 kroner per dekar

Spreiing av husdyrgjødsel med tilføringsslange

Det blir gitt ekstra tilskot til dei som brukar tilføringsslange ved nedlegging eller nedfelling av husdyrgjødsel.

Førebels sats: 50 kroner per dekar

Kontaktinformasjon

Anders Eidhammer
Prosjektleiar Frivillige tiltak i landbruket
E-post
Mobil 90 79 15 75

Frivillige tiltak i landbruket er eit tverrkommunalt prosjekt med oppgåve å betra miljøet i vassdraga på Haugalandet ved å arbeida opp mot landbruket.