Konsesjon

Skal du kjøpa fast eigedom, er kjøpet omfatta av konsesjonslova. Konsesjon betyr løyve til erverv av fast eigedom.

«Erverv» er eit fellesord for alle måtar du kan overta ein eiendom på; kjøp, arv, gåve og så vidare. Fast eigedom er for eksempel hus, gard, ubebygd tomt, eller anna areal.

Dei fleste erverv er konsesjonsfrie, men som oftast må du senda inn eigenfråsegn om konsesjonsfridom til kommunen.

OBS! Vindafjord har ikkje nedsett konsesjonsgrense. Skjemaet «Eigenfråsegn om konsesjonsfridom i kommunar med nedsett konsesjonsgrense (LDIR-356N) skal derfor ikkje brukast.

Slik søker du konsesjon for erverv av fast eigedom

Meir om korleis du søker på landbruksdirektoratet.no

Søknaden skal sendast Areal og forvaltning, Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

eller til landbruk@vindafjord.kommune.no 

Gebyr

Konsesjonssøkaren skal betala gebyr. Sjå Vindafjord kommune si gebyrliste.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Alf Ole Bull-Tornøe
Seniorrådgjevar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 61 22