Bu- og driveplikt

Buplikt

Buplikt betyr at nokon må bu på ein eigedom. Det kan vera buplikt på landbrukseigedommar, og på andre eigedommar.

Du må søka konsesjon om du ikkje har tenkt å oppfylla buplikta.

Meir om buplikt på landbruksdirektoratet sine nettsider

Driveplikt

Det er driveplikt på jordbruksareal med fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Du kan oppfylla driveplikta ved å driva arealet sjølv eller leiga det bort som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom for minimum ti år om gongen.

Er du ny eigar, må du innan eitt år ta stilling til om du ønsker å driva arealet sjølv eller leiga det bort. For å få fritak for driveplikta, må du senda søknad til kommunen. Kommunen kan gi varig fritak eller fritak for ei viss tid. Kommunen kan også stilla vilkår for fritaket.

Meir om driveplikt på landbruksdirektoratet sine nettsider

Fritak for driveplikt

Eigar kan søka kommunen om fritak frå driveplikt. Kommunen vil legga vekt på følgande i si avgjersle: 

  • kor viktig det er å halda jordbruksarealet i hevd 
  • storleiken på arealet 
  • avkastningsevna 
  • om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i området 
  • eigar sin livssituasjon  

Det er ikkje eige skjema for å søka om fritak. Du må du senda eit eige brev i fritekst til kommunen.

Jordleige 

Dersom eigar ikkje ønsker å drive sjølv, må jordbruksarealet leigast vekk som tilleggsjord for 10 år om gongen.

Jordleigeavtale

Leigeavtalen må vere skriftleg og er uoppseieleg frå eigar si side. I tillegg må den føra til driftsmessige gode løysingar. Avtalar som ikkje oppfyller desse krava kan ikkje gjerast gjeldande mellom partane eller overfor myndigheitene.

Avtale om leige av jord (PDF, 58 kB)

Kopi av avtalen skal sendast landbruk@vindafjord.kommune.no.

Forpakting

Forpaktingskontrakt mellom eigar og brukar av eit gardsbruk omfattar jordbruksareal, driftsbygning og bustad. Dette blir inngått for ein bestemt periode og til avtalt pris.

Det må i samband med avalen haldast forpaktingsskjønn.

Skjema forpaktingskontrakt

Avtalen skal sendast til kommunal landbruksforvaltning.

Areal og forvaltning, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

eller på e-post landbruk@vindafjord.kommune.no

Lovar

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Alf Ole Bull-Tornøe
Alf Ole Bull-Tornøe
Seniorrådgjevar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 47 69 78 68
Profilbilde av Morten Rørheim
Morten Rørheim
Rådgiver
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 90 88 42 57
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80
Mobil 97 54 01 80