Jobb i Vindafjord kommune

Klikk for stort bileteVindafjord kommune har om lag 8700 innbyggarar, og kommunen er ein av dei største arbeidsplassane i Vindafjord.

Me har stolte arbeidstakarar og mange varierte og spennande jobbmoglegheiter innafor

  • tekniske tenester
  • landbruk
  • helse og omsorg
  • oppvekst
  • service og administrasjon

Me har tettsamhandling mellom tillitsvalde og arbeidsgjevar. Hos oss finn du gode ordningar når det gjeld mellom anna kompetanseheving og arbeidstid. 

Å jobba i kommunen er å jobba for folk!

Det finst ikkje ein meir spennande, variert eller mangfaldig bedrift som utfører (livs)viktige oppgåver for sine kundar!

Vil du bli med på det unike oppdraget?